Lokalnytt

Øcal Pizza på Hellesylt har opna

Øcal Pizza har leigd seg inn i det som tidlegare var Gatekjøkkenet på Hellesylt.

Vi har tidlegare fortalt at Salg og Utleiebuda på Hellesylt har inngått avtale om leie av lokala til det som tidlegare var Gatekjøkken i Hellesylt sentrum. No heiter det Øcal Pizza.

Etter nokre hektiske veker med jobbing har Ramacan Øcal sett i stand lokala for å opna eit nytt mattilbod på Hellesylt. I eit mindre bygg over gata frå det som var Øcal Restaurant ligg no Øcal Pizza.
Der kan alle som liker pizza, kebab eller diverse grillmenyar handle for å ta det med heim eller nyte mat og drikke på staden.
Softisen må kjøpast same stad som i fjor, i lokala til Salg og Utleiebuda.

I dei nyoppussa lokala er der seteplass til 30 personar, fortel Ramazan Øcal.
Øcal Pizza har ope alle dagar frå klokka 12.30

I lokala til Øcal Pizza er det kome ny innredring, møblar og nytt golv.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380