Lokalnytt

På gardsbesøk med biskopen i Møre.

Biskop Ingeborg Midttømme fekk sjå eit stort og moderande husdyrfjøs på Fivelstad. Her saman med eigarane, frå Venstre Leif Arne,Fivelstad, biskopen i Møre, Asle og Annbjørg Fivelstad

Biskop Ingeborg Midttømme har vore i Geiranger og i Sunnylven på bispevisitas. I eit hektisk og tidsstramt program vart det plass til eit gardsbesøk hos vertskapet Leif Arne, Annbjørg og Asle Fivelstad.

Å besøke og ha samtalar med næringslivet høyrer med under ein bispevisitas, sa prestevikar i Sunnylven, Ann Kristin Langeland då ho ønska mange vel møtt til gardsbesøk på Fivelstad i eit strålande vinterver.
Der var biskop Ingeborg Midttømme, prost Svein Runde, leiar i sokneråd og Hellesylt Næringslag Stig Tryggestad, og representantar for faglaga innan jordbruket i Sunnylven samla i lag med vertsfolket.

Landbruk viktig i Sunnylven

I det som er kontor og vaktrom i storfefjøsen var alle samla med godt utsyn til ein buskap som talde 170 dyr med stort og smått.

Ann-Kristin Langeland styrte praten i forsamlinga:
-Landbruket er utan tvil ei viktig næring i Sunnylven, om ikkje hadde vi ikkje hatt bedrifta Ole Ringdal for eksempel.
Vi er inne i ei tid der jordbruket er mykje framme i fokus, det er krig og uro, og prisar på driftsmiddel i jordbruket har stege kraftig. Men mat må vi ha så då er det godt å ha folk som vågar å satse på yrket, sa Langeland som innleiing.

Flytta i nytt fjøs i 2013

Ho gav ordet til Asle Fivelstad som har bygd opp og satsa på husdyrdrift på Fivelstad saman med mellom anna kona Annbjørg og sonen Leif Arne som er fulltidsbonde og skal bli den neste eigar av bruket i april.

Det var i 2010 at tanken om eit større fellesfjøs kom opp, sa Asle. Han snakka om samdrift med naboar, men det vart til ein leigeavtale av jord og mjølkekvoter.
På Fivelstad bygde dei den store fjøsen åleine og 24. februar 2013 flytta dei inn og skulle produserast 320 tonn mjølk. Dette er i dag auka til 503 tonn, og i tillegg er der ein betydeleg kjøttproduksjon.

Biskop Ingeborg Midttømme var ikkje redd for fjøslukt. Her helsar ho på ein vekegamal kalv.

Elendig avlingsår

Økonomisk har det gått opp og ned, i bølgedalar, sa Asle Fivelstad. Det kjem stadig krav og påbud som gjer alt usikkert, og avlingane varierer. I 2013 hausta vi 175 rundbalgar så vi kjøpte alt som var råd rundt om. I dag brukar vi mellom 1700 – 2000 balgar i året, fortalde Asle Fivelstad.

Leif Arne Fivelstad (40) er heiltidsbonde og vil drive vidare. Men han har eit ønskje om at regjeringa kjem med kompensasjon for dei auka kostnadane som har blitt næringa til del gjennom kraftfor, straum, rundbalgeplast, diesel og ikkje minst kunstgjødsel.

Færre produserer like mykje

Leiar i Sunnylven bondelag, Peder Hellebostad var glad for å bli invitert på fjøsbesøk og takka for det. Han sa at tal på aktive bruk hadde gått ned i Sunnylven, men jorda vart brukt og produksjonen halden oppe.
-Eit slikt dyrefjøs som her på Fivelstad var minst så stort som sju bruk i Sunnylven tidlegare. Dei stadig aukande kostnadane er synd for dei unge som har satsa, dei blir skadelidande. Vi får berre håpe, men vi saknar klare signal om støttetiltak.

Lønsemda i næringa er ikkje god nok, men eg skal ikkje vere pesimist, men realist og vi skal fortsatt halde fram å produsere mat, sa Peder Hellebostad.

Vil ha med alle bygdekvinner

Gunnhild Kvam er nyvalt leiar i Sunnylven bygdekvinnelag. Bygdekvinnene har ei viktig rolle i eit levande bygdesamfunn, og vi vil gjerne ha med alle. I Sunnylven er mange innflyttarar og vi vil at dei skal føle seg velkomne, så difor skifta vi namn frå bondekvinnelag, sa Gunnhild Kvam mellom anna i si orientering.

Jordbruksvarer vil koste meir

Stig Tryggestad var til stades med to «hattar» som han sa, som leiar i Næringslaget og leiar i soknerådet.
Jordbruk er ei gjennomregulert næring, men det er viktig å forklare folk kva den betyr. Bønder har meir støtte enn dei trur, folk ser at vi treng jordbruket.
All brukbar dyrka jord er i bruk i dag. At forbrukarane må betale noko meir for varene i framtida enn i dag var nok ein del av den økonomiske løysinga, trudde Stig Tryggestad.

Midt på forbrettet mellom 170 storfe på Fivelstad, frå venstre prestevikar Ann Kristin Langeland, bonde Leif Arne Fivelstad, og biskop Ingeborg Midttømme.

Håpa jordbruket består

Biskop Ingeborg Midttømme fylgde med og var tydeleg interessert. Ho let seg imponere over at enkelte fann jordbruk så verdfullt og satsa så tøft.
-På denne jorda har vi eigentleg det vi treng for å leve, men korleis forvaltar vi det, gjer det berekraftig? sa ho spørjande og la til;
-Eg håper utan å meine så mykje om landbrukspolitikk at det blir råd å drive vidare, og eg håper alle oppdagar kor viktig landbruk er og ser den verdiskaping dei står for.

Meiningar kring norsk jordbruk kunne ha halde fram lenger i fjøset på Fivelstad. Men etter ein god time var det nye møter andre stader for biskop Ingeborg Midttømme med følgje.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380