Notiser

Påskearrangement på Tronstad Grendahus

Fossedur spelar til dans på Tronstad grendahus palmelaurdag.

På Tronstad Grendahus blir det mykje moro i påska. Palmelaurdag blir det dans med Fossedur, og onsdag i påskeveka inviterer grendalaget til Quiz og ny dans.

På Tronstad grendahus blir det hyggekveld med servering, dans og forfriskningar laurdag 9. april. Dørene opnar klokka 20.00 og frå klokka 22.00 spelar populære Fossedur til dans, les vi i annonseringa. Pris inngang er 150.- kroner.

Quiz og meir dans

Og som ikkje det var nok for påska, så opnar Grendalaget dørene igjen onsdag i påskeveka. På «menyen» då står Quiz frå klokka 19.00. Her kan ein melde på Quiz-lag med frå 4 – 6 personar, pris 100.- kroner pr. person. Quiz-master er Thomas Gjerde.
Påmelding til Geir Støverstein på mob. 411 46 947 innan søndag kveld 10. april.

Klokka 22.00 – 02.00 spelar Triolight til dans. Det blir sal av nattmat og forfriskningar, skriv arrangøren.

Onsdag 13. april er Triolight å høyre på Tronstad grendahus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380