Notiser

Saker på årsmøte i Sunnylven IL

Trakkemaskina til Sunnylven IL er over 10 år gamal. Ottar Frøysa Hellebostad (bilde) er ein av dei som skal gje råd om den skal reparerast eller utskiftast.

Sunnylven IL vurderer no kva dei skal gjere med trakkemaskina og scooteren. Begge treng service og kanskje omfattande reparasjon.

Årsmøte sette ned ei arbeidsgruppe som skal gje råd både om kva som må gjerast med løypemaskiner og langrennsløypene i Hyttehola. Langs lysløypa har mykje skog vakse opp og hindrar ønska snøfall . Også drenering av parti kan vere aktuelt å foreta.

Årsmøtet oppnemde ei arbeidsgruppe på fire som skal kome med råd om tiltak både på maskinpark og løyper:
Ottar Frøysa Hellebostad
Magne Brekke
Geir Støverstein
Asle Fivelstad

Andre saker på årsmøtet

Kryssing av fylkesveg 60

Sunnylven IL vil også følge med på reguleringsarbeidet for ny fylkesveg 60 ved Kjellstadli. Kryssing av fylkesvegen for skiløyper og parkeringsplass i området er saker som idrettslaget har teke opp i brev til rette vedkomande.

Arbeidsplan 2022.

*Traktorgarasje. Lage ferdig garasjen Hellesylt stadion
*Nytt aktivitetssenter: Jobbe vidare med nytt treningssenter
*O-kart Karbøen: Oppdatering av kart
*Gapahuk Ringdalen: Oppstart av prosjektet
*Trakkemaskin/scooter/oppgradering av løypa: Finne ut kva som skal gjerast med   trakkemaskin og scooter. Starte opp eit arbeid med rehabilitering av løypa.

Spør etter kommunalt tilskot

Til det nye klubbhuset i Hyttehola var det lova eit kommunalt tilskot på 500.000.- kroner. På budsjettframlegget for 2022 var tilskotet inne, men var borte etter at det var vedteke av kommunestyret.
No etterrøkjer leiaren i idrettslaget tilskotet i brev, offenleg utlagt på Stranda kommune si postliste.

Tarjei Korsbrekke skriv:
– Vil på vegne av Sunnylven IL minne om stønaden som var lovd i forbindelse med Hytteholaprosjektet. Vi imøteser stønad i nær framtid slik vi fortsatt kan drive og utvikle idretten i området, til det beste for lokalbefolkninga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380