Notiser

Skytestemne i Hyttehola

Sunnylven skyttarlag er arrangør av tre skytestemne i Hyttehola i vår, alle feltstemne. Sjølv om dette er konkurransar på eit høgt plan er det høve også for andre med interesse i skyting til å delta.

I Hyttehola blir det to stemner i april og eit lagsmeisterskap 1. mai.
Her er datoar med informasjon vi har fått tilsendt Frå Sunnylven skyttarlag:

Laurdag 23. april – Ope feltstemne (oppmøte kl. 11.00)

Laurdag 30. april – Samlagsstemne felt (oppmøte kl. 11.00)

Søndag 1.mai – Lagsmeisterskap felt (oppmøte kl. 11.00)

-Det er fullt muleg å delta på skytingane med jaktgevær.
Det skal skytast 30 skot, og desse er teljande som prøveskot til jaktoppskyting.

All skyting foregår på grovfelt og elektronikk, avstandar på ca. 150 – 350 meter.

-Om nokon har born som vil skyte, ta kontakt i GOD TID så vi får tid til innskyting av våpen i forkant av skytinga, skriv leiar i skyttarlaget Ola Vangen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380