Lokalnytt

Sunnylven og Bergsøy like gode

Sunnylven sitt lag mot Bergsøy: Framme frå venstre: Johannes, David, Tonje, Ari, Oskar, Kristen.
Bak trenar Eivind Louis Helset, Sander, Siv-Anita, Ingeborg, Sina, Trym  (Foto: Gunnar Sårheim Fivelstad)

Sunnylven sitt G-13 fekk før jul invitasjon til treningskamp mot Bergsøy G-13. Søndag møttes dei til kamp i Fiskarhallen. I denne kampen var begge lag like gode.

Dagen starta med kamp i Fiskarhallen i Fosnavåg. Sunnylven sitt G-13-lag har berre sju spelarar så i tillegg var fire spelarar frå J-13 med.
Kampen svinga fram og tilbake der begge lag leia, men også låg under på resultattavla i løpet av kampen. Då domaren bles for full tid stod det 6-6, og laga hadde vore like gode. Eit resultat frå årets fyrste treningskamp som begge lag kunne vere nøgde med.

Slik kom skåringane. (Sunnylven oppført som heimelaget)

1-0 Sander,
2-0 Ingeborg,
2-1,
2-2,
2-3,
2-4,
3-4 David.
Pause.
4-4 David,
5-4 Trym,
5-5,
5-6 (på strek? Inne?)
6-6 Ari

Det var ein god kamp og god innsats frå alle, oppsummerte trenar Eivind Louis Helset som har tru på mange morosame kampar med dei raude og blå når forballsesongen blir sparka i gong for fullt i april/mai.

Etter kampslutt var det tur til Sunnmørsbadet i Fosnavåg for ein blid gjeng som kosa seg mykje.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380