Sunnylven skyttarlag treffsikre i Langevåg

I dag søndag 6 mars var det feltstemne i Langevåg med deltakarar frå Sunnylven, og der dei prege øvste delen av resultatlistene.
Vinnar i seniorklassa 2-5 + V55 og EJ blei Thor Einar Aurdal frå Sykkylven med fullt hus 30 treff og 22 innartreff. Andre plass gjekk til Ivar Skaar Pedersen frå arrangørlaget med 30 treff og 21 innartreff. Ivar Fivelstad Sunnylven skyttarlag presterte 30 treff og 16 innartreff som haldt til 3. plassen.
Men ein av dei store overraskingane på stemne stod Isak Elias Frøysadal Hauge frå Sunnylven skyttarlag for. Han debuterte i seniorklassen i feltskyting sist helg, og i Langevåg slo han til med 29 treff og 19 innartreff. Med dette resultatet tok han 4. plassen føre sine andre lagsskyttarar Kjell Oddvar Frøysa på 5. plass, og Dag André Hauge 6.plass. Begge hadde 29 treff og 17 og 15 innartreff. Kristian André Frøysadal Hauge enda på 25 treff og 13 innartreff som gav 18.plass i seniorklassa.
Kirsti Frøysadal Hauge frå same skyttarlag sikra seg sigaren i klasse 1 med resultatet 21 treff og 8 innartreff. Ein innartreff føre Øystein Ålstedt frå Aalesund skyttarlag.
I juniorklassa kom Ørjan Frøysadal Hauge på 3.plass med 29 treff og 11 innartreff. Vinnar blei Nora Sæterøy Høybakk frå arrangørlaget med 29 treff og 24 innartreff. På andre plass kom Andreas Valde frå Engesetdal/Skodje skyttarlag med 29 treff og 22 innartreff.