Lokalnytt

Tarjei Korsbrekke leiar Sunnylven Idrottslag

Tarjei Korsbrekke er dagleg leiar av HT Bygg Hellesylt, no også leiar i Sunnylven Idrottslag.

Tarjei Korsbrekke fekk tillit til å styre det meste i Sunnylven Idrottslag. På årsmøtet denne veke gjekk han frå å vere fungerande til valt leiar, og inn til vidare både sekretær og kasserar i hovedstyret.

Om lag 20 personar møtte på årsmøtet i Sunnylven IL onsdag 2. mars. Årsmøtet vart halde i det nye klubbhuset i Hyttehola.

Sunnylven IL har mangla valt leiar det siste året. Sjølv etter framhaldane årsmøte i 2021 lukkast det ikkje å få på plass leiar i det 120 år gamle idrettslaget, det største laget i Sunnylven med sine vel 400 medlemer. Laget har med åra fått reist mange gode idrettsanlegg og har hatt ein sunn økonomi.
Sunnylven IL har hatt god aktivitet og tilbod til all ungdomen innan både konkurranse og trim, noko som viser igjen i årsmeldingar frå både hovudstyret og undergrupper.

Håper å få avløysing som sekretær og kasserar.

I år blir det ikkje framhaldande årsmøte i Sunnylven IL. Det siste året har Tarjei Korsbrekke fungert som både leiar og sekretær, og under val på årsmøtet sa han ja til å bli formelt valt til leiar i Sunnylven IL. I tillegg fekk han verv som både sekretær og kasserar, men håper å få avløysing for desse styreverva etter kvart.
Leiarane i undergruppene utgjer resten av hovedstyret, der også Synnøve Kjellstad kom inn med ansvar for medlemsregistrering og kontingent.
Medlemskontingent for 2022 vart fastsett til: Familiemedlemskap: 500.- Støttemedlem: 200.- Aktive: 300.-

Val på årsmøtet vart:
Hovedstyre:
Leiar, sekretær og kasserar: Tarjei Korsbrekke.
Styremedlemer:
Fotball: Lillian Aasheim,
Ski: Linn Kammen Flydal,
Skiskyting: Magnar Tufte Tyssen,
Trim: Per Svein Hole,
Banenemnd: Frode Nessan,
Treningssenter: Susanne Margrete Ringdal
Medlemsansvarleg: Synnøve Kjellstad.

Gruppestyre:
Fri-idrett / trimgruppa:

Per Svein Hole, Olav Andras Sætreås, Karolin Parte, Rune Hole, Kristin Storstein, Vidar Even Leite.

Skigruppa:
Leiar: Linn Kammen Flydal, Gisle Aaland, Anniken Hjellbakk Hole, Maria Aaland Tryggestad, Hans Hole.

Skiskyttargruppa:
Leiar: Magnar Tufte Tyssen, Lisbeth Lervik Helset, Geir Støverstein, Petrin Langeland Friestad.

Fotballgruppa:
Leiar: Lillian Aasheim, Anita Langeland, Rita Rudning Røyrhus.

Sponsorgruppa:
Leiar: Frank Øksvang, Per Amund Frøysa.

Kioskgruppa:
Leiar: Oddbjørg Stadheim, Shayne Pacificar, Gunnhild Foldal.

Banenemnd:
Leiar: Frode Nessan, Per Stian Alme, Alf Helge Nessan, Eivind Louis Helset, Per Olav Frøysa Hånes.

Styret Hellesylt treningssenter:
Leiar: Susanne Margrete Ringdal, Ramazan Øcal, Inger-Ann Nybø Vik, Rebecca Julie Ringdal, Svein Magne Frøysadal

Revisorar:
Annvor Tryggestad, Anne Karin Brenne Ringdal.

Valnemnd:
Per Ingebrigt Karbø, (ein repr. mangler)

Husstyret Hyttehola:
Magne Brekke, Anne Karin Brenne Ringdal.

Husstyret for klubbhus Hellesylt stadion:
Ole Aasen, Frode Nessan.

Representant til idrettsrådet i Stranda kommune: Knut Dag Langeland
Representant til valnemnda for idrettsrådet: Per Ingebrigt Karbø
Representant til kontrollutvalet i idrettsrådet: Tarjei Korsbrekke
Barneidrettsansvarleg: Tarjei Korsbrekke

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380