Tok nytt Birken-merke
Etter to år opphald grunna korona-pandemi vart det 82. Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer arrangert laurdag 19. mars. Rundt 7.500 deltok, mellom dei sunnylvingen Hans Kristian Stadheim.
Det vart favorittsiger i herreklassa ved Andreas Nygård, og i dameklassa vann Astrid Øyre Slind, begge to kjent og av dei beste i langløp langrenn.
Tidlegare Sunnylven IL-løpar Hans Kristian Stadheim stilte for Lyn ski og fullførte dei 54.0 km. frå Tingstadjordet på Rena til Birkebeiner skistadion på Lillehammer på 3.16.28. Det var eit slit, spesielt etter passering Kvarstaddammen skriv han i ei sms-melding. Det har blitt minimalt med trening og motivasjonen var såleis ikkje på topp dei siste mila mot mål.
Bestetida i Birkebeinerrennet til Hans Kristian er 2. 47.24 frå 2008.
Det vart ein hederleg 29. plass i klasse 1 i 2022 , og god klaring til det 13. birken-merke.
Skiføret over fjella var ikkje det skarpaste denne gongen. Eliteklassa brukte nær ti minutt leger tid i år enn sist Birken vart arrangert i 2019.