April-trim i sommarsol

Det vart eit stråland ver for turfolket som besøkte den nye poengposten på Ljøkaia søndag. Trimgruppa registrerte 32 denne gongen.
Alle foto: Per Svein Hole
Det er bratt og mange høgdemeter frå køyrande veg på Ljøen til trimposten på Ljøkaia. Men der er god veg heilt ned og vakker natur med utsyn flottare enn eit prospektkort.
Slik var det i alle fall søndag for dei 32 som vart registrert som deltakarar på det aller fyrste trimtreffet til Sunnylven IL i år. Leiar i trimgruppa, Per Svein Hole rapporterte om god stemning mellom alle, dei fleste lokale deltakarar, men også tilreisande frå Hornindal, Stranda og Sula.