Lokalnytt

Arrangerer Hellesyltløpet laurdag 9. juli

Frå start på Hellesyltløpet (Foto frå arkivet)

Grunna korona-pandemien har det største sportsarrangementet under Sommardagar på Hellesylt hatt «pause» i to år. Laurdag 9. juli smell startskotet igjen for det tradisjonelle terrengløpet for unge og eldre løparar.

Fleire av dei store og faste innslaga under Sommardagar på Hellesylt blir arrangert helga 8. til 10 juli. Eit av dei med lengst tradisjon er Hellesyltløpet, terrengløpet på 1.6 km. for dei yngre klassene, og 6.6 km. for senior. Løpet blir i år laurdag 9. juli med start og målgang på Hellesylt stadion.

-Grunna korona-pandemien har løpet blitt avlyst både i 2020 og året etter, men no har vi leita fram både premiar og startpistolen igjen så då håpar vi på god påmelding også, seier leiar i friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL, Per Svein Hole.
Løpet ligg også inne på terminliste for løp i Norge, er på 1.6 km. for dei yngste klassene, 6.6 km. for senior, blir arrangert på asfalt, i terreng og grusveg, og har ei stigning på ca. 80 meter.

Sunnylven IL er ein driven arrangør av Hellesyltløpet. I 2019 vart det arrangert for 32. gong, og då vart det siger til Torild Dubwad Mathiesen, Vidar (26.07) og Hans Kristian Stadheim, Sunnylven IL (22.26).

Hellesyltløpet har alltid hatt kjende idrettsutøvarar på start, mellom anna har Oslo-klubben Lyn Ski stilt mannsterkt og flytta på løyperekordane fleire gonger.
Lenge hadde Hilde Lauvhaug rekorden i damer senior, men i 2012 kom Kjersti Fresvik, Gular i mål til 24.12, og i 2016 sprang Joar Andreas Thele, Lyn Ski løypa på 20.36 som begge er rekordtidene.

Odd Arild Dale, Førde IL sprang løypa til Hellesyltløpet også i 2020, åleine.

Veteran i Hellesyltløpet er Odd Arild Dale, Førde IL. Han har delteke i alle løp frå start, og litt til. I 2020 vart det avlyst, men Dale hadde trena godt for sin 33. start og var i god form, tykte han. Det var ergeleg at det vart avlyst, så han sprang like godt heile løypa åleine den laurdagen det var tillyst. Og sprekingen som i 2020 var 57 kom i mål på 32.44. Ei god tid, men han har tider på 24-talet frå tidlegare.
Dale var klar for start også året etter, fortalde han hellesylt.info etter målgang. Også då vart det avlyst, men i år laurdag 9. juli håper arrangøren Odd Arild Dale er på plass på start saman med fleire ti-talls andre sprekingar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380