Lokalnytt

Bussa seg til låverestauranten på Kalvatn.

Sunnylven Pensjonistlag vart traktert med både servering og underhaldning i låverestauranten på Kalvatn.

Fredag før påskeveka inviterte Sunnylven Pensjonistlag medlemane på sosialtur til Josy-buda på Kalvatn. Turen samla 45 som kom både frå Oslo og andre stader for å vere med.

Alle foto: Randi Karin

Randi Karin Stadheim Andresen kom til Hellesylt på påskeferie og som medlem nytta ho seg av tilbodet og slengde seg med på bussturen til låverestauranten på Kalvatn.
-Det var ein veldig kjekk tur. Eg snakka også med andre «heimvende» og alle var samde. Det er så hyggeleg å kome til Hellesylt der vi har budd mykje og vakse opp, vi får slik ein god tone i lag, seier ho.

God mat

Når pensjonistar dreg på tur har dei alltid god tid. Difor vart det eit lite stopp ved Honndøla bru for å sjå på natur, fylle på med litt leskande drikke og søtsaker. Honndalsrokken, det «stolte» fjellet viste seg ikkje denne dagen grunna verforholda.

Trygt framme med Kåre Rørhus-Øie bak bussrattet venta vertskapet, John, Synnøve og Rolf, kokken ved Josy-buda med middagen. Rolf Kobberstad kunne by på nakkekotelettar, grønnsaker og potet, og karamellpudding med krem og kaffi til dessert. Eit velssmakande måltid, seier Randi og fortel meir om det ho og dei andre fekk vere med på.

Rolf Kobberstad leita fram gitaren, skrudde på lydanlegget og underheldt med viser til gjestane frå Sunnylven Pensjonistlag.

Song fleire viser

-I restauranten, høylåven som har blitt eit lunt og hyggeleg festlokale vart det også underhaldning og utlodding av mange påskeinspirerte gevinstar.
Leiar i Pensjonistlaget, Astrid Langeland las diktet «Jeg velger meg april» av Bjørnstjerne Bjørnson, og Rolf Kobberstad tok fram gitaren og framførte fleire songar, mellom anna «La oss leve for hverandre» og ei sjølskriva vise han hadde kalla «Til ettertanke». Den handla om å ikkje snakke stygt om, men vere snille og ta vare på kvarandre, eit svært så dagsaktuelt tema i tida med aggressive statsleiarar, krig og uro, seier Randi, vår heimelskvinne på turen.

Til Finnøy Havstuer

På bussturen heim fekk alle utdelt Pensjonistforbundet sin penn og notatblokk. Astrid Langeland orienterte også om neste utflukta med Sunnylven Pensjonistlag som går til Finnøy Havstuer på Romsdalskysten 1. og 2. juni. Der jobbar sunnylvingen Lars Helge Hanssen som kokk.
Turen går med buss, og ein treng ikkje vere medlem i Pensjonistlaget for å vere med, seier ho. Til no har 25 meldt seg på.
For interesserte ta kontakt med Astrid, mob. 906 75 234, eller Odd Jostein mob. 957 52 330

Leiar Astrid Langeland las diktet «Jeg velger meg April», og på heimveg orienterte ho om neste utflukt til Finnøy Havstuer 1. og 2. juni.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380