Deltok på skyttarstemne i Sigdal

Sunnylven var godt representert på stemnet i Sigdal sist helg. Skyttarar frå laget midt på bildet, frå v: Ivar, Isak, Dag Andre, Kristian og Kirsti.

Aktive skyttarar i Sunnylven skyttarlag reiser langt for å delta i stemner. Sist helg var fleire mellom deltakarane på eit grovfeltstemne i Sigdal, arrangert av Romerike skyttarsamlag.

På grovfeltstemnet i Sigdal stod alle figurar på ukjente hald, varierande frå korte til lange avstandar, heilt opp i 570 meter.
hellesylt.info har fått ei oppsummering av innsatsen til skyttarane frå Sunnylven av leiar Ola Vangen, som vi gjev eit samandrag av her.

Det starta laurdag med to innleiande skyting både på liggande og kneståande stilling, og heldt fram med 42-skots finaleskyting søndag.Frå Sunnylven skyttarlag deltok Ivar Fivelstad, Kristian André Frøysadal Hauge, Isak Elias Frøysadal Hauge, Kirsti Frøysadal Hauge, Dag André Hauge og Ola Vangen.

Ivar Fivelstad gjorde det best av sunnylvsskyttarane på det innleiande 30-skotsprogrammt laurdag. Også dei andre frå Sunnylven kom seg til finalen på søndag, men Dag André Hauge hadde eitt fattige poeng for lite.

I finaleskytinga opna både Ivar Fivelstad og Ola Vangen godt, men på siste hald vart avstanden bedømt litt feil av dei to. Yngste mann mellom sunnylvingane, Isak Elias Frøysadal Hauge anslo avstanden betre og skaut seg til best mellom deltakarane frå Sunnylven skyttarlag.
Kirsti Frøysadal Hauge gjorde det også godt med siger i klasse 1.

Finaleresultat for skyttarar frå Sunnylven skyttarlag:
Isak Elias Frøysadal Hauge – 37/20
Ivar Fivelstad – 37/11
Ola Vangen – 35/11
Kristian André Frøysadal Hauge – 19/4

Vinnar klasse 1:
Kirsti Frøysadal Hauge – 27/8

Dei tre beste under grovfeltstemne i Sigdal:
Jan Kåre Moland, Drangedal – 42/26,
Sverre Brovoll, Oslo Østre – 42/24
Tor Harald Lund, Søgne – 41/27

Isak Elias og Kirsti, begge Frøysadal Hauge gjorde det skarpt på grovfeltstemnet.

Også leiar i skyttarlaget, Ola Vangen skaut godt under feltstemnet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380