Lokalnytt

Ein ny god dag på Lygna

Frå 15.0 km. klassisk på Lygna laurdag. Kristine Hjellbakk Hole har startnr. 227 midt på bildet.

Det vart nok ein stor dag på Lygna for Kristine Hjellbakk Hole. I den lengste distansen for K 19/20 vart det ein flott 10. plass laurdag.

På Lygna skistadion var det klassisk stil laurdag. Og distansen var 15.0 km der Kristine Hjellbakk Hole, godt opplært heime frå Sunnylven, men som går for Lillehammer skiklubb kom i mål til ein sterk 10. plass.
Kristine er best i fristil, men ho håper å utvikle seg i den klassiske stilen også, har ho sagt sjølv. Resultatet i dag viser at ho meistrar også den stilarta bra.
Då er det påske og heim i heimegrenda for den talentfulle langrennsjenta.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380