Notiser

Fotballsesongen i gong på Hellesylt stadion.

G-13-laget: Framme frå venstre: Sina Frøysa, Tonje Støverstein, Trym Helset, Sander Sjåstad Hole.
Bak: Ingeborg Fivelstad Stadheim, David Røyrhus, Johannes Friestad, Ari Kjellstadli, Kristen B. Ringdal. Manglar på bilde; Oskar Ringdal (skada) Foto: hellesylt.info

Sunnylven sine unge fotballag har spela tre kampar på heimebane, men utan siger så langt.

J13.
Det starta med tap i fyrste heimekamp for Sunnylven J13. Dei møtte Valder, eit av dei gode laga i pulja i aller fyrste kamp. Laget kjempa godt, spesielt i andre omgang då også heimejentene vart litt «tøffe» i taklingane så dei kom hederleg ut av oppgjøret, men med tap 3-10.
Neste heimekamp er tysdag 24. mai mot Ørsta 2

G10
Også G10 fekk tøff motstand og gjekk på eit tap då Hareid kom på besøk. Eit gjestelag med kjappe spelarar som også andre motstandarar vil få problem med å skore på og vinne over, trur vi.
Men vi har trua også på Sunnylven, for med meir trening og tru på eigne ferdigheiter er det berre å «fyre» av skot. Målet er ope der målvakta ikkje står.
Neste heimekamp er tysdag 10. mai mot Hasundgot kvit.

G13
Onsdag 27, april kom Volda 3 på besøk til Hellesylt stadion. Kampen enda 7-4 til gjestane etter at Volda leia 5-1 ved pause. Dermed vann Sunnylven andre omgang, noko det er verdt å ta med seg vidare i trening. For laget har mange talentfulle gutar der ein mangla til kampen grunna skade. Såleis måtte tre jenter frå J13-laget stille på, tøffe jentespelarar som hevda seg godt i gutekampen. Ny flott kamp av Tonje Støverstein som vakta målet for heimelaget.
Neste heimekamp er onsdag 11. mai mot Hødd 2.

Truleg blir det meir å juble for etter kvart for G13 og dei andre laga til Sunnylven. Fotballfølelsen manglar nok litt enno då det så langt har blitt få treningar for dei fleste etter ein lang skisesonge.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380