Heile dagar med cruisebesøk på Hellesylt

I alt 13 cruisebåtar vil ankra opp ved Hellesylt cruise kai for heile dagbesøk i 2022. Dette er eit tiltak som hamnesjef Rita Berstad Maraak håper kan fordele trafikk litt meir mellom turiststadane i kommunen.
Det går mot ein god cruisesesong i området til Stranda Hamnevesen KF igjen. Etter to år med ingen turistskip til Hellesylt og Geiranger er det i 2022 innmeldt totalt 163 anløp, fortel hamnesjef Rita Berstad Maraak, som legg til;
-Vi er noko usikre på belegget om bord, men har fått antyda mellom 40 – 60 % av full kapasitet.
Tidleg i mai startar cruisesesong for fullt. Torsdag 5. mai kjem eit av dei store cruisebåtane, 297 meter lange M/S Rotterdam til Geiranger, og deretter går det slag i slag med 156 anløp til den kjente turistbygda, heilt fram til 22. oktober då Amadea avsluttar sesongen.
Dagen før nasjonaldagen kjem det fyrste av 102 cruiseskipa til Hellesylt cruise kai. Med sine 333.3 meter er MSC Virtuosa eit av dei aller største, og to dagar seinare er det MSC Grandiosa som ankrar opp ved kaia. Denne båten blir liggande ved Hellesylt cruisekai heile dagen 18. mai.
I alt 13 av anløpa til Hellesylt skal ligge ved kai frå tidleg morgen til sein ettermiddag, noko som er nytt i år, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak.
-Vi ønskjer at cruisebåtane skal kome til oss i staden for til hamner i nærleiken. Og for å unngå at det til tider blir for mykje trafikk i Geiranger har vi jobba for å styre litt av trafikken til Hellesylt cruise kai. Difor blir 12 – 13 cruisebåtar liggjande på Hellesylt heile dagen medan dei er på besøk, og der i frå kan dei ta sine utflukter med buss eller båt, få naturopplevingar eller sjå på severdigheiter på Hellesylt og nærliggande områder.
Vi håper sjølvsagt at turistane vil gå i land og sjå seg om og at kassaapparat på Hellesylt «går seg varme», seier hamnesjef Rita Berstad Maraak litt på skjemt, men der ho gjev uttrykk for at ho håper ordninga blir vellukka.
Ho legg til at sjølv om mange kjem for å sjå mellom anna Geirangerfjorden og naturen der, får dei til ein viss grad mulegheit til det med mindre fartøy eller reise tur – retur med ferja.
Det aller største skipet som kjem til Hellesylt og Geiranger er cruisebåten IONA, 345 meter lang og 184700 bruttotonn. Den besøke området 16 gonger i 2022, har eit mannskap på 1800 og plass til 5200 passasjerar.
Ut frå cruiselista blir båten å sjå fyrste gong 25. mai.