LokalnyttUkategorisert

Høgstemt påskedag i Sunnylven kyrkje.

Her syng alle med i påskemusikal saman med Kristin Storstein.

Fyrste påskedag vart ein høgtidsdag i Sunnylven kyrkje. I tillegg til preike og mykje vakker song og musikk vart tre jentebarn døypte.

Mange kom til Sunnylven kyrkje 1. påskedag. Rett nok var dåpsfølga til Kristine, Marie og Oda bra talrike, men også mange andre fylte opp i kyrkjebenkane då prestevikar Ann Kristin Langeland ønska alle vel møtt til høgtidsgudsteneste.

Og det vart stemingsfulle halvannan time i kyrkja denne fyrste påskedag. Høgstemte tonar strøymde ut frå orgel og trompet frå Gunnar Inge Eide og Trond Otto Berg, og frå Tonje Støverstein og Synnøve Hjellbakk Hole sine innslag med vakker musikk på fele.

Prestevikar Ann Kristin Langeland snakka i preika om det å ha eit håp å halde fast ved. Og at Jesus stod opp frå grava fyrste påskedag var håpet i den kyrkjelege trua.
Langeland snudde seg mot altertavla i kyrkja, rekna som det største bildet i Sunnylven og med motivet Oppstoda. Det var eit håp for mange, sa ho.

Tre dåpsbarn fekk namn i Sunnylven kyrkje 1. påskedag.

Fleire fine salmar var leita fram til gudstenesta og ein av dei var vekselssongen «Dine hender er fulle av blomar».
Kanskje kan vi drage symbolikk ut av teksta til salmen med at tre barn, også det «små blomar» vart borne til døypefonten denne dagen. Og alle fekk framført velsigninga i tonar av Kristin Storstein slik tradisjonen har blitt i Sunnylven kyrkje.
Kristin Storstein tok også forsamlinga med i eit gjenhøyr frå ein av songane til påskemusikalen «Har du hørt det». Med Gunnar Inge Eide ved pianoet vart det eit både kvikt og vakkert påskeminne med siste songen i Alf Georg Østebrøt sin påskemusikal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380