Lokalnytt

Høgtidsam visitasgudsteneste

Biskop Ingeborg Midttømme hadde mange rundt seg under visitasgudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag.

Søndag var det ekstra høgtid over gudstenesta i Sunnylven kyrkje. Her heldt biskop i Møre, Ingeborg Midttømme si visitasgudsteneste.

Den ljose, høgreiste krosskyrkja i Sunnylven vart fylt med vakker song, musikk, bøner og preike til ettertanke søndag. Biskop Ingeborg Midttømme var tilbake etter at ho hadde hatt visitas i Geiranger og Sunnylven sokn tidlegare i veka.

I kyrkja var kyrkjegåarar frå begge bygdene samla då prost Svein Runde ønska vel møtt. Runde fortalte litt frå historia til Sunnylven kyrkje der han sa at rundt 6000 gudstenester har blitt halde frå vigsling i 1859 og fram til i dag, og med ein bodskap som alltid har vore den same.

I preika var biskop Ingeborg Midttømme innom fleire dagsaktuelle ting, ho sa at tru handlar om fellesskap med Jesus og kvarandre, og at alle burde ta mot gåva som var tildelt igjennom dåpen.
Ho var også innom tida som nærmar seg med påske og som naturleg var vende ho seg mot altartavla i kyrkja, mot motivet som er oppstoda der Jesus har sigra over døden.
Eit påskebudskap ho vinkla mot nattverden som var det neste under gudstenesta i Sunnylven kyrkje.

Mange medverka under visitasgudstenesta. Utanom biskop og prost, tok prestevikar Ann Kristin Langeland del, det same gjorde konfirmantar, representantar for soknerådet, og varaordførar i Stranda Svein Erik Rimstad.

Det vart framført bøner og det var salmesong. Dei tre kordamene, Elisabeth Runde, Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim song to songar frå Lina Sandell sin flotte songskatt med Gunnar Inge Eide ved pianoet, og same mann stod for det musikalske på kyrkjeorgelet i lag med Trond Otto Berg på kornett.
Det vart ein minnerik søndag for mange i ei Sunnylven kyrkje fylt med vakker song, musikk og bodskap til ettertanke.

Under nattverden song frå venstre Kristin Storstein, Elisabeth Runde og Oddbjørg Stadheim songar av Lina Sandell.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380