Lokalnytt

HUL fekk stønad til vedlikehald av badehuset

Tidlegare i veka var det synfaring på tilstanden un der badehuset av frå venstre Marianne Fivelstad, Asle Ringdal og Tarjei Korsbrekke.

Frå Kulturminneforvaltninga (Riksantikvaren) i Møre og Romsdal fylkeskommune vart Stranda kommune tildelt vel to million kroner til vedlikehald av kulturminner i 2022. 400.000 kroner tilfall Hellesylt Ungdomslag.

Hellesylt Ungdomslag er eigar av det freda badehuset på Hellesylt, og eit bygg som vart kåra til Stranda kommune sitt kulturminne i 1998. Kvart år legg laget ned store summar i veldikehald både på badehuset og området kring.

No står nytt vedlikehald på badehuset for tur. Huset står på pålar som var skifta for eit par tiår sidan, men no har pålemakk gjort store angrep på ospastokkane. Utskifting av nye, friske ospestokkar er rett og slett eit arbeid som ikkje kan vente lenger, seier leiaren i badehusstyret, Asle Ringdal og legg til; Badehuset ramlar ikkje ned, men for sikkerheit skuld har vi sikra det med seks byggstøtter under.

Det er betydelege angrep av pålemakk på støttene under badehuset, kan Asle Ringdal t.h. og Tarjei Korsbrekke konstatere.

Nyleg var Asle Ringdal saman med leiar i HUL Marianne Fivelstad og dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt på synfaring og planla tiltaket. Nye støtter av osp er hogge for to år sidan og har lege avberka til tørk. I fyrste omgang skal alle fire hjørnestøttene og alle i fronten mot fjorden skiftast, totalt 12 støtter. Arbeidet skal bli gjort i juni månad då det er ekstra lav fjøre sjø, fekk vi opplyst.

-Denne gongen blir det ikkje dugnadsarbeid. Vi har søkt og fått 400.000 kroner frå Riksantikvaren i tilskot til tiltaket så vi leiger det lokale byggfirmaet til å gjere jobben, seier Marianne Fivelstad. Når det gjeld dugnadsarbeid har ho anna som skal gjerast. I fjor vart mykje av badehuset måla og resten av arbeidet skal fullførast i år.

I skråninga like inn til badestranda blir det no hogge ut mellom fure og lauvskog for å lage ein hengekøyepark, fortel Asle Ringdal. Planen er at det skal bli opningsfest kring 17. mai, i godt ver. Og det blir gratis å overnatte i hengekøye her mot at brukarar forlet området like ryddig som då dei kom, seier leiaren i badehusstyret, Asle Ringdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380