Lokalnytt

I storform på slutten av sesongen

Kristine HJellbakk Hole, Lillehammer skiklubb gjekk fort på Lygna fredag. Det vart 8. plass mellom norges beste i K 19/20 på 5.0 km. fristil.

Langrennsjenta Kristine Hjellbakk Hole gjekk inn til si beste plassering i Norgescup langrenn då ho vart nummer åtte i fristil på Lygna fredag. Då kom smilet fram.

Det var ei svært så fornøgd Kristine vi snakka med på telefon etter 5.km på Lygna. På sesongens siste Norgescup i fristil kom ho på 8. plass mellom landets beste i K 19/20
Sluttida 12.58.1 var berre 5.0 sekund frå 4. plass, og fram til vinnaren, «umulige» Anna Heggen, Svea skilag var det berre 49.7 sek. Så nære i tid har ikkje Kristine, som går for Lillehammer skiklubb vore før i vinter.

-Eg har trena godt, og no er eg endeleg kvitt korona, kommenterte Kristine om løpet sitt fredag. Rett nok hadde ho også gode ski, men korona-pandemien som ho fekk like for junior-NM tidleg i februar har henge i lenge. At storforma kom no når sesongen snart er slutt var litt ærgeleg, men betre seint enn aldri, sa ho.

Laurdag er det Norgescup over 15.0 km. klassisk stil for K 19/20 på Lygna. Der stiller Kristine Hjellbakk Hole, og vi trur på ny god plassering.
Kristine Hjellbakk Hole satsar på ein ny sesong neste år og gode resultat på slutten av sesongen bør vere motiverande for å ta fatt på nye treningstimar fram på sommaren.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380