Lokalnytt

Ikkje Hellesyltdagar i år

Tidlegare fylkesordførar og ordførar i Stordal, Olav Bratland opna dei 32 og førebels siste Hellesyltdagane i 2019.

Det blir heilt sikkert mange fine sommardagar på Hellesylt også i år, men arrangementet med same namn, eller dei tradisjonelle Hellesyltdagane med underhaldning og opplevingar blir det ikkje noko av i 2022.

Sist Hellesyltdagane vart arrangert var i 2019. Så kom korona-pandemien og dermed vart nesten alt avlyst dei to neste åra, berre Det store andesleppet i Hellesyltfossen var igjen.

Det skulle bli Hellesyltdagar helga 8. til 10 juli i sommar. Halvparten av den «gamle» komiteen starta planlegging og tre nye kom til ved nyttår. Men korona-pandemien tidlegare i vinter gjorde det usikkert om arrangementet kunne gjennomførast, og komiteen har heller ikkje fått den tilslutning av hjelparar som trengs.
Difor vart det på eit møte 2. påskedag bestemt at Hellesyltdagane 2022 ikkje blir arrangert.

Men vi veit at sommaren 2022 på Hellesylt får opplevingar det er verd å få med seg.
Det blir Andesleppet i Hellesyltfossen søndag 10. juli, seier Marianne Fivelstad, leiar i Hellesylt Ungdomslag, laget som har vore med å arrangere Andesleppet i alle år.
Vi har også fått stadfesta frå prestevikar Ann Kristin Langeland at det blir gudsteneste på Høgreiten same søndag om veret spelar på lag.

Hellesylt.info kjem med meir om det blir andre sommararrangement på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380