Lokalnytt

Internasjonal deltaking under XCreek

Eit siste byks og så var det målgang for elvepadlarane under XCreek i Bygdaelva

Under X2Festivalen vart padlekonkurransen XCreek arrangert i Bygdaelva i Sunnylven på laurdag 2. april. I fossefalla i Steimsåsane var både norske og internasjonale deltakarar.

Det var lite vatn i Bygdeelva i år, berre 2.5 kubikkmeter rann i elveløpet så blanke svaberg kom til syne fleire stader og bremsa farta om padlarane kom over på fjellgrunnen.
Dei 15 deltakarane, to damer og 13 menn frå New Zealand, Frankrike, Sverige og Norge padla den 3-400 meter lange fossestrekninga to gongar og samanlagte tider bestemte resultatlista.

Målgang var i Ljøshølen og kom dit etter å ha hoppa ut for ein fem meter høg foss og landa i kulpen under. Landinga såg vond ut, men det var den ikkje, det var berre artig, sa Eirik Hansen, deltakar og ansvarleg for gjennomføring av XCreek i år.

Starten var oppe på flata ved Øie.

-Området i Bygdaelva i Steimsåsane er veldig flott å padle i. Der er utfordrande stryk, svingar og glatte svaberg og avslutninga er både super og spektakulær. Det er som å lande på ei pute i det boblande vatnet i kulpen under fossen, sa Eirik Hansen.

Kajakkpadlarar i området har fleire elvestrekningar som blir brukt, mellom anna i Ørsta og Volda, men Bygdaelva i Sunnylven er ei av dei sikraste med vassføring og populær mellom padlarane.
Gjennom vinteren har fleire padla mykje, men med XCreek-konkurransen gjennomført, då er padlesesongen i gull gang, seier Eirik Hansen.

Han opplyser at konkurransen var vellukka og gjennomført utan skader eller uhell av noko slag. Også ein del publikum følgde med på padlarane si ferd ned gjennom elva som renn like inn til bygdevegen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380