Lokalnytt

Kulturdagar på Hellesylt i juli

Hægstad Gård på Hellesylt blir lokalitet under kulturdagar i juli.

Planlegg gjerne eit besøk til Hellesylt dei to siste vekene i juli i sommar. Frå torsdag til laurdag i veke 29 og 30 blir det kulturdagar på Geiranger Bakeri / Hægstad Gård på Hellesylt.

Dei kjende og innhaldsrike Hellesyltdagane har ferre innslag enn vanleg i år. Hellesyltløpet blir arrangert 9. juli, og dagen etter er det gudsteneste på Høgreiten og Andeslepp i Hellesyltfossen.

Ramazan Øcal har kunngjort på facebook at han arrangerer utedans i Hellesylt sentrum laurdag 9. juli. Kva gruppe som spelar opp for danseglade er ikkje kjent.

Men Hellesylt vil få mykje meir å by fram sommaren 2022.
På Geiranger Bakeri / Hægstad Gård blir det kulturdagar dei to siste vekene i nest siste sommarmånaden, frå 21 / 23 og 28 / 30 juli.

TV-kjendisar frå nabolandet

Anders Adolfsson hos arrangøren seier at kulturdagane framleis er under planlegging, men det blir jobba med eit variert program der det blir song og musikk, gode matrettar frå eit variert menykart, og meir.
Under kulturdagane på Hellesylt vil publikum få møte både «nye» artistar og meir kjente, mellom anna kjem TV-kjendisar frå det svenske programmet «Allsang på Skansen».

-Vi jobbar for å få i hop eit program med gode opplevingar for alle sansar og der vi ønskjer å ta i bruk heile Hægstad Gård på ein ny måte, seier Anders Adolfsson.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380