Kveldsope med trubadur på Hægstad Gård, Hellesylt
Luffen Valle blir å høyre på Geiranger Bakeri/Hægstad Gård fredag 29. april, ein for mange kjent enterteiner, trubadur og «skrønemakar». Der blir det også god mat og drikke å få kjøpt.
Ved Geiranger Bakeri / Hægstad Gård blir det kveldsope fredag med mat og drikke og trubadur. Der blir det høve å høyre Luffen Valle igjen, mannen med sine viser og gitaren som laga stemning sist han var på mat -og kunstkafeen på Hellesylt.
Ta turen til Hægstad Gård/Geiranger Bakeri på fredag kveld.
Luffen Valle og vertskapet ved Hægstad Gård/Geiranger Bakeri håper mange kjem og kosar seg med eitt eller anna frå menykartet der ein finn både entrecot, burger, eller fiskerett, forfriskande drikk, og med sprek underhaldning av AaFK-supporter nummer en Luffen Valle.
Sjå også kalendaren, «Det skjer på Hellesylt».