Lova iskaldt bad om innsamlinga gav rekord
Over 18.000.- kroner kom inn under årets innsamlingsaksjon til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon i Sunnylven. Det er ny innsamlingsrekord, opplyser prestevikar Ann Kristin Langeland. No må prest og konfirmantar ta «vinterbad» i Sunnylvsfjorden.
I lag med konfirmantane organiserte prestevikar Ann Kristin Langeland innsamlingsaksjonen i Sunnylven for Kirkens Nødhjelp i år. Dei to siste åra har innsamlinga foregått digitalt, men i år besøkte konfirmantane alle til fots, men også køyrde rundt av foreldre med innsamlingsbøsser.
-Under samtalar om årets innsamling var konfirmantane og vi andre samde om å gjere det vi kunne for å lindre nauda i verda. Vi sette oss eit mål om innsamlingsrekord og meir enn beste resultat tidlegare som var om lag 12.000.- kroner. Det var då tanken kom opp om at dersom vi greidde ny rekord så skulle vi i samla flokk ta eit iskaldt bad i Sunnylvsfjorden.
Rekord vart det, over 18.000.- kom inn gjennom bøsser og digital innsamling. I beløpet ligg også eit kyrkjeoffer på 3000.- kroner, men held vi dette utanfor så vart det likevel ei solid rekordinnsamling, seier Ann Kristin Langeland.
Ho rosar konfirmantane som var motiverte, og ho takkar foreldre som stilte på og køyrde rundt.
-Konfirmantane var spente på resultatet då dei leverte innsamlingsbøssene til soknerådsleiaren og prestevikaren tysdag kveld, og når det vart så godt resultat så held vi sjølvsagt lovnaden om eit iskaldt bad på badestranda. Når det blir er ikkje bestemt, men trur det blir like over påske, seier Langeland som lovar at hellesylt.info får beskjed og kan stadfeste lovnaden.
Og neste år ser ho føre seg nye utfordringar så her kan ein vente seg både det eine og det andre, seier ho.