«Nedvask» på badestranda

Det var vårvask på badestranda på Hellesylt torsdag. To brannmenn gjorde jobben både på badehuset og i terrenget ved hengekøyeparken.
To dyktige brannmenn frå Hellesylt brannkorps stod for reingjering utvendig av badehuset på Hellesylt og av terrenget der den nye hengekøyeparken er rydda fra.
Markus Forbord og Per Ove Frøysa stilte i korrekt antrekk med spylarslange og godt vasstrykk. Då gjekk jobben effektivt og raskt unna, både algegroing og fugleavføring vart fjerna kunne leiar i badehusstyret, Asle Ringdal melde. Han takkar dei to og brannkorpset for hjelpa.