Lokalnytt

Omfar kjem til strikkekafé

Eksempel på strikka plagg frå Omfar.

Designar Linda Olason Erdal El`Mourabit står bak suksessen med strikka plagg etter lokale mønster. Onsdag 6. april blir ho å treffe på strikkekafé på Hellesylt Boutique & Bar.

Alle foto: Omfar.

Designaren bak suksessen med Hjørundfjordgenseren og Kufjordkofta kjem på strikkekafe til Hellesylt onsdag kveld 6. april

Heilt sidan 2000-talet har Linda Olason Erdal El`Mourabit gått med ein tanke om å formidle eigen design til publikum. Ho fekk ein smak av dette då ho vann ein designkonkurranse der ho stilte ut Erdalkofta, og snart vart det laga nye strikkaplagg etter etablering av Hjørundfjordstrikk.
Linda starta sitt eige firma som ho kalla Omfar, ei nemning alle strikkarar er kjent med.

På Hellesylt Boutique & Bar vil Linda onsdag kveld fortelje historia bak sitt nye firma, selge strikkepakkar og drikke kaffi i godt lag, der ho håper mange kjem innom.
Alle er velkomne, både dei som er røynde strikkarar og dei som helst berre vil sjå på, heiter det i annonseringa. Strikkekaféen er open frå klokka 19.00.

(NB: Dette er ingen 1. april-spøk)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380