Påsketombola på Røyrhus.
Røyrhus-grenda i Sunnylven har lagt ned mykje arbeid i å setje i stand det gamle skulehuset sitt frå år 1900. No har det blitt grendahus, og påskeaftan inviterer dei alle til å prøve vinnalukka på påsketombola og for å sjå.
Det blir stor påsketombola i gamleskulen på Røyrhus påskeaftan, eller laurdag 16. april frå klokka 14.00. Her er vinnarlukka stor, mellom 3 – 400 gevinstar skal loddast ut.
I det som har blitt grendahuset der blir det utanom sal av tombolalodd også sal av pølse med brød, kaffi og kaker, og trekking av loddbøker, får vi opplyst hos arrangøren som er Røyrhus grendalag.
Ta turen då, du vil treffe folk med godt humør, og dei har tinga godt ver. Arrangøren håper mange kjem, alle er hjarteleg velkomne, skriv det.