Presenterer Stranda si industrihistorie
Datoen for opninga av utstillinga Strandaindustriens historie er klar. Styret for foreininga har samla seg om onsdag 1. juni. Då blir publikum invitert til kulturkveld i Storfjord Kulturhus.
Pressemelding.
Dagen etter blir utstillinga tilgjengeleg for alle som ynskjer å sjå dei nær 150 produkta. Dei er stilte ut i den 600 kvadratmeter store salen.
Arbeidet med å få på plass denne omfattande, breie presentasjonen av produkt frå industribedriftene på Stranda og Hellesylt, i Geiranger og Liabygda starta for eit par år sidan. Initiativtakarane har møtt stor velvilje på alle område. Privatpersonar og bedrifter har stilt opp med gjenstandar. Finansinstitusjonar, kommunen, næringslivet har gitt pengegåver.
Mykje innsats er lagt ned i oppussing av det tidlegare produksjonslokalet til Ekornes-fabrikken. Det har gitt plass for variasjon av produkt, til informasjon om dei ulike bedriftene gjennom tekst og bilde.
Industrisoga starta med Ringstads Pølsefabrikk i 1884. Den industrialiserte møbelindustrien kom i gang i 1907. Ikkje lenge etter oppstod omtalen «Stranda – Møbelindustriens vogge». Same året kom det første av to kraftverk. Det fekk mykje å bety for industriveksten og tilførselen av arbeidskraft.
Den første nylonskjorta i Norge vart laga på Stranda, like eins den første Olabuksa. Næringsmiddel har etablert seg som den store næringsgreina – ofte omtala som «Sunnmøres spiskammers». Stikkord her er pizza Grandiosa.
Utstillinga «kan auke interessa og kunnskapen om lokalhistorie hos unge. Ved ei slik utstilling blir historia varetatt og hugsa i fleire generasjonar framover», meinte ordførar Jan Ove Tryggestad etter ei pro-vising i lokalet. Regionleiar Kari Hoset Ansnes i LO Møre og Romsdal har sagt det slik: «Dette var en imponerende samling som representerer industrien og grundervirksomheten i Stranda.»
-Desse har vore med i styret og jobba fram utstillinga «Strandaindustrien si historie»
Reidar Lunde, leiar
Anders Adolfsson
Kjell Sindre Opsvik
Helge Søvik
Sveinung Ørjasæter