Lokalnytt

Skål og skrål best i påskequiz

Det vart trangt i Tronstad grendahus onsdag kveld, for påske-quizen til Tronstad grendalag samla 130 deltakarar på 20 lag. Det gamle storlaget «Under Kopen» nådde ikkje pallen denne gongen.

Mange kom til påskequiz på Tronstad grendahus onsdag kveld, kanskje i meste laget. Men stemninga vart stigande etter kvart som problema for arrangøren Tronstad grendalag drog ut med datavisning av spørsmåla. Det fekk dei orden på og små og store hjerneseller vart sett i arbeid.

Spørsmåla som quizmaster Gjerde hadde sett saman var delt i kategoriar innan fugleliv, sport, kjente bygg og smått og stort. Fleire lag sanka godt med poeng ut frå spørsmåla frå eigen kunnskap, men også digitale hjelpemiddel var framme kunne vi sjå.

Det vart litt ventetid for å få orden på tekniske vanskar, men i godt lag går tida fort.

Det gamle vinnarlaget i Quiz, «Under Kopen» nådde ikkje pallen, men delte fjerdeplassen med «Team shell-kaia». Heller ikkje eit anna storlag «Die Manschaft» var på gamal høgde på Tronstad og vart slått av «Skål og skrål» med fattige to poeng. «Føkhaugen» kom på tredje plass. Fullstendig resultatliste under.

Tronstad Grendalag bør få ros for at dei satsa og arrangerte påskequiz. Det er alltid hyggeleg og god stemning på grendahuset der, slik også denne gongen mellom tilreisande frå nabobygder og heimvende påskegjestar.
Mange ønska seg nok eit liknande arrangement ein gong seinare, men kanskje med litt færre lag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380