Stiller ut arbeid av godt omtykt sydame

Marie Tryggestad, fødd 1893 og vaks opp på Hølsbakken ved Stadheim var ei svært dyktig sydame. Laurdag 9. april blir det utstilling av arbeida hennar i den gamle skulestova på Hellesylt, der det også blir sal av kaffi og kaker.
Marie gifta seg med Lars Iverson Tryggestad, og vart busett på småbruket på Hellesylt. I tillegg til tre born, husstell og gardsarbeid skaffa Marie seg ei trøsymaskin og dreiv med syarbeid. Ho var ei dyktig og mykje etterspurd «sypike», som dei kalla sydamene fyrst på 1900-talet.
Det vart mange kvardagsklede og bestekjolar frå Marie si hand og symaskin, og arbeida hennar var alltid fint og godt utført, er det sagt.
Ho sydde også mange brudekjolar. Det er fortalt at ei tilkomande brud sykla frå Hellesylt til Nordfjordeid, kjøpte tøy og sykla så tilbake for å få Marie Tryggestad til å sy brudekjolen sin. Det var vel ei stadfesting på at «sypiken» gjorde godt arbeid.
Marie levde sine siste år på aldersheimen på Hellesylt der ho døydde i 1969, 76 år gamal.
Under utstillinga til Gamleskulen Aktivitetsmuseum blir mange av arbeida hennar vist fram, det blir sal av kaffi og kaker, og trekning av ein premie mellom alle som besøker arrangementet.
Utstillinga er opa mellom kl. 13.00 – 16.00