Lokalnytt

Storfjordstemne på Ytste Skotet i 2022

På Ytste Skotet held Storfjordens Venner sitt sommarstemne i juni.

Det blir sommarstemne på Ytste Skotet i juni 2022. Det vart bestemt på årsmøtet i Storfjordens Venner som vart halde i Stordal nyleg.

Inge Bjørdal frå Sunnylven held fram som leiar i styret for Storfjordens Venner. Elles vart det få eindringar mellom tillitsvalde.

I 2021 gjekk det frå 49 medlemskap grunna ulike årsaker i foreninga, men nye kom til så nedgangen vart til slutt på 15 frå året før. Bjørdal leiar ein organisasjon med 613 enkelmedlemer, 72 har familiemedlemskap og det er 12 bedriftsmedlemskap, totalt 697.

Som i andre lag og organisasjonar har aktiviteten vore noko påverka av korona-pandemien også det siste året, men ein del både møter og restaureringsarbeid har likevel blitt utført.

Utført arbeid

Når det gjeld vøling av bygningar vart løa på Ytste Smoge sett i stand i 2021, og i samband med arbeidet på løa i Muldal som vart finansiert av eigarane har Storfjordens Venner hjelpt med planlegging, kontakter og søknader.
På Ytste Skotet som Storfjordens Venner er eigar av vart det halde fleire dugnader i fjor. Den fyrste var i mai med rydding og vaska i husa, gjerde vart sett i stand, det same vart aggregat og kverna med renne.
Seinare på sommaren såg ein over tak, hønsegarden vart riven, det vart utført slått, og vart det gjort mykje anna av både store og små arbeid.

Reorganisering av museumsstruktur

Styret i Storfjordens Venner gjorde 27. februar 2021 vedtak om å takke nei til å overføre Ytste Skotet vederlagsfritt til Musea på Sunnmøre, no Viti.
Vedtaket førte til at Viti ikkje ville bidra økonomisk til drift av Ytste Skotet lenger, og såleis vedtok Storfjordens Venner å ta det økonomiske med drifta av garden sjølv.

Også fleire museum på Sunnmøre vedtok å takke nei til Viti, i tillegg til Storfjordens Venner var det Herøy kystmuseum, Volda sogelag, Aalesund museum, Godøy kystmuseum og Dalsfjord Fyrmuseum. Inge Bjørdal opplyser at alle desse har jobba og er i sluttfasen  med å etablere ei eiga museumsløysing som skal heite Museum Nordvest.

Økonomi

Og ut frå rekneskapen kan ein lese om god og sunn økonomi for foreininga, og rekningar har blitt betalt fortløpande ved forfall. Medlemskontingent og Storfjordkalendaren er gode inntektskjelder.
Storfjordens Venner fekk tildelt 37.000.- kroner i kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune,  og i grasrotmiddlar frå Norsk Tipping kom 20550.- kroner som var ein betydeleg auke frå året før, står å lese i årsmeldinga.
Rekneskapen for 2021 viser eit overskot på 90.056.- kroner.

TV-opptak
I samarbeid med Storfjordens Venner gjorde Sunnmøre Live TV-opptak frå fleire av fjord -og fjellgardane langs Storfjorden og Geirangerfjorden i 2021. I alt 12 opptak er tilgjengeleg og kan sjåast på lene: https://slive.no/category/program/serier/storfjordens-venner

Val.
Styret med varamedlemer i Storfjordens Venner er:

Inge Bjørdal, Sunnylven
Arne Olav Furstrand, Sykkylven (attval)
Reidar Furset, Stranda (attval)
Elin Smoge, Valldal (attval)
Reidun Helsem, Stranda (attval)
Øystein Runde, Skodje
Kristi Linge Stakkestad, Valldal

Attval på Inge Bjørdal som styreleiar 2022
Arne Olav Furstrand, nestleiar ny frå 2022

Varamedlemer.
Jens Petter Søvik, Straumgjerde (attval)
Ragnhild Flåen, Stordal (attval)
Merete Løvoll Rønneberg, Eidsdal (ny)

Revisorar:
Stein Ivar Krohn
Stig Tryggestad

Valnemnd:
Helge Søvik 2021 – 2023
Kjell Løseth 2020 – 2022
Gro Anita Bårdseth 2022 – 2024

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380