Lokalnytt

Stort oppmøte på støttekonsert for Ukraina

Songartisten Katrine Langlo stilte i Ukraina sine nasjonalfargar og song vakkert i «All for love». Til venstre Aksel Helstad.

Konserten i Stranda kyrkje søndag kveld der billettpengane gjekk uavkorta til støtte for Ukraina var unik og av dei gilde. Mange kom til denne musikalske opplevinga, ei av dei største nokon gong lokalt.

I Stranda kyrkje var samla det beste av lokale song og musikarar søndag kveld. Alle stilte på for å gje ei hjelpande hand økonomisk for Ukraina, det krigsherja landet. Og publikum som fylte opp dei fleste kyrkjebenkane fekk ei unik song og musikkopplevinga som var god å ta med på heim.

Det opna med vakre tonar frå Trond Otto Berg på trompet og Gunnar Inge Eide på piano i Swedish hymn, tonen til salmen O store Gud. Stor applaus vart det også for allsongkoret frå Stranda, tolv godt vaksne pensjonistar med klar og rein songrøyst og som hadde både trad, «Som toner i en evig sang», og Rolf Løvland på repertoaret.

Allsongkoret på Stranda var tolv songarar og imponerte.

Konserten baud også på fleire instrumentale innslag, av Evgenii Zhukov på tverrfløyte, Ellen Karlberg på orgel og Stephanie Roux på piano. Og det klang godt i dei gamle kyrkjeveggane når Carolin Eide spela Harald Sæverud sin «Kjempeviseslåtten», eit mektig innslag som fekk stor applaus.

Stranda har songartist Katrine Langlo og søndag stilte ho i klær i Ukraina sine fargar gult og blått. Også ho hadde lyst til å bidra for dei mange i naud, sa ho og saman med Aksel Helstad, gitar og Stephanie Roux på piano framførte ho «All for love».

Malin Pålsson song «Imagine» av John Lennon. Ved pianoet Carolin Eide.

Også Malin Pålsson med si songrøyst har gleda mange, og søndag var det forsamlinga i kyrkja ho imponerte med å synge «Imagine» av John Lennon med Carolin Eide ved pianoet.

Frå Hellesylt kom tre «songfuglar» som avgjort sette farge på konserten. Vi har høyrt Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim fleire gonger den siste veka under besøket av biskopen i Møre i Sunnylven, og søndag kveld var det støttekonsert for Ukraina.
«What a wonderful world» var ein av songane dei hadde valt seg ut.
-Lat vi tru på det, at det skjer snart igjen, sa Gunnar Inge Eide som introduserte dei fleste av aktørane.
Andre songar publikum fekk høyre var «Amazing grace», «Til ungdommen», og til sist ein Ukrainsk folketone «Tsvite teren», der også 18 år gamle Anna Storstein Forbord takla språket og song med så flott. Tonefølge til songane fekk «Hellesylt-damene» av Trond Otto Berg, Gunnar Inge Eide og Evgenii Zhukov.

Frå Hellesylt kom frå venstre Kristin Storstein, Anna Storstein Forbord og Oddbjørg Stadheim. Bak Evgenii Zhukov.

Det vart ei nitti minutt lang og flott kveldsstund i Stranda kyrkje. Vi visste at song og musikkrefter stod sterkt i Stranda, men dette var imponerande. Det er uråd å gje nok og rettferdig ros til dei mange som stilte på for ei god sak, men ståande applaus for alle artistar til slutt får vere beviset på at eit talrikt publikum likte det dei fekk høyre i eit arrangement for ei god sak, ein konsert som var sponsa av Stranda Energi AS.

Det kom 93 betalande til konserten som gav ei inntekt på 18.500.- kroner.
-Det synest eg var bra, sa Gunnar Inge Eide.hos arrangøren.

Alle aktørane samla seg til slutt i koren i kyrkja og fekk ståande og velfortent applaus.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380