Lokalnytt

Strålande resultat av tombola på Røyrhus

I det fine påskeveret var det mange som kom til tombola på Røyrhus.

Røyrhusgrenda i Sunnylven har sitt eige grendahus. For nokre år sidan vart gamleskulen flytta og reist og restaurert på ny grunnmur, så i den nye kjellaren og i skulestova over er der plass til mange.

Foto: hellesylt.info

Påskeaftan inviterte Røyrhusgrenda til tombola og inntekt for grendahuset sitt. I tillegg til ei loddbok med litt større gevinstar vart det lodda ut heile 400 andre på tombolalodd, gevinstar som folket i grenda hadde laga eller fått, men også kjøpt inn.
Laila Røyrhus er ei av fleire som bidreg til inntekt for grendahuset, og ho var strålande nøgd med resultatet.
-Alt gjekk ut så vi er strålande fornøgde. Det kom mange, og fleire sat ute i det fine veret med kaffi, kaker og pølse med brød som vi selde. Det var rett så triveleg, og eg trur at dei som kom også kosa seg og hadde det fint.

Gevinstane var både mange og varierte

Oversikt over det økonomiske resultatet av tombolaen var ikkje klart, men det vart minst så bra som vi hadde håpa på, seier Laila. Ho fortel at det går ut faste summar både til straum og forsikring, men no er dei klare også for meir utbetring på forsamlingshuset, som måling, litt tømrararbeid , og det er også snakk om å kjøpe inn ein vedomn.

Mykje av utstyr og materiell som var i huset då det var skulehus er borte. Det synest Laila og andre på Røyrhus er litt leitt og dei skulle gjerne ha fått det tilbake for å skape den rette atmosfæren i skulestova igjen. No er der berre nokre pultar og litt plansjar og kart igjen.

Grendahuset på Røyrhus fekk eit påbygg då det vart flytta. Der har grenda sitt eige hjorteslakteri, også det eit nødvendig lokale på Røyrhus. Og det er sjølvsagt innlagt straum, vatn og toalett, og det blir nytta til samlingar som åremålsdagar og liknande. Også Sunnylven Bygdekvinnelag har hatt medlemsmøte i grendahuset på Røyrhus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380