Strikkekveld med Omfar på Hellesylt
Det kom tolv damer til strikkekafe på Hellesylt Boutique & Bar onsdag kveld. Dit kom også Linda Olason Erdal El`mourabit i lag med dotter og mann for å snakke om design og strikking.
Linda Olason Erdal El`mourabit frå Volda opplever suksess med verksemda si ho kallar Omfar. Namnet Omfar fortel at det dreiar seg om strikking, men i namnet legg ho også at ho ønskjer å reise litt rundt og vise fram og fortelje om erfaringar frå hobbyverksemda si, seier ho.
På Hellesylt Boutique & Bar fortalde ho om korleis ho lærte seg å strikke, om utdanninga og å setje saman eit mønster på eit plagg med fargar, og ho hadde med strikkepakkar som fleire ønska å kjøpe.
Linda har alltid lika å strikke noko ho lærte av bestemor si, men det starta for alvor i 2014 etter at ho gjekk kunst og handtverkskule der ho gjekk opp til Batchelor. Til eksamen leverte ho ei strikka jakke som vekte begeistring mellom mange, og det var i grunnen starten på ein spanande og interessant hobby, fortel ho til hellesylt.info som møtte henne og gode hjelparar i familien onsdag kveld på kaffibaren.
Etter utdanninga strikka ho ein del etter gamle mønster, mellom anna Hjørundfjordstrikk, kufter og genserar som var å sjå utstilt i Bakketunet på Bjørke.
Men så ville ho drive litt for seg sjølv og starta eiga verksemd ho kalla Omfar.
-Eg strikkar ikkje for sal, men det blir plagg for å lage mønster med fargar som eg sel saman med garn og redskap til å strikke med, såkalla strikkepakkar, seier Linda. Ho likar å gå i fjellet og oppleve naturen, og der finn ho ofte inspirasjon og ide til fargeval til mønster.
Ein del hjelp med design får ho frå familien, fortel ho, mellom anna har dotter Mali designa vesten Afterski som Linda hadde på under strikketreffet på Boutique & Bar på Hellesylt onsdag kveld.
-Det var veldig kjekt å kome til Hellesylt og fortelje om strikkinga som er ein hobby. Og damene som kom på strikkekafeen var hyggelege og engasjerte så dette var triveleg. Snart skal vi ha ei slik samling også i Volda, og det blir tur til Hareid for liknande oppdrag litt seinare, fortel dama bak Omfar som også har eiga nettside www.omfar.no