To nye rib-båtar fekk namn
Ved flytebrygga på Grande i Geiranger vart to nye rib-båtar til opplevingsselskapet Bonseye døypt fredag. Etter å ha blitt godt dynka i sjampanje fekk dei to namna Grøn Arv og Grøn Framtid.
Det var dei to gudmødrene Bette Ringdal og Anne Botten Stokke som stod for dåpshandlinga av dei to ribbåtane som alt har gjort turar på Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Dei kom til familieselskapet i 2021, men grunna korona-pandemien vart dåpsseremonien utsett.
Fredag vart «dåpsbarna» behørig dynka i alkoholfri sjampanje etter at begge gudmødrene hadde halde flotte dåpstaler både om båtane og familieselskapet. Og med ønske om «hell og lykke på alle hav» fekk den elektriske namna Grøn Arv og den andre Grøn Framtid høglytt stadfesta i nærver av 25 andre i dåpsfylgje. Også Grøn Framtid blir elektrisk når ladekapasiteten i området tilseier det.
Bensin inn til vidare
Med ribbåten Grøn Arv har selskapet Bonseye sett i drift den aller fyrste elektriske ribbåten som er bygd nokon gong, ei banebrytande hending og viktig for trafikk på Geirangerfjorden som er bestemt utsleppsfri frå 2026.
Den andre ribbåten som vart døypt fredag har bensinmotor. At Grøn Framtid går på fossilt brensel skuldast at både Hellesylt og spesielt Geiranger manglar elektrisk straum for ladding, fekk vi oss fortalt. Det håper selskapet blir ei ordning på slik at også den kan bli bygd om til elektrisk drift.
Bygda manglar straum
Å skaffe fram meir elektrisk straum, spesielt til Geiranger er ei sak som Stranda kommune jobbar med. Spørsmålet er svært relevant, men ingen kan svare på når det kjem ei løysing på problemet, seier ordførar Jan Ove Tryggestad. I dag er tilgangen nok til berre bygda sitt behov så for andre bruksområder må det nye løysingar til.
Og det blir kostbart så her må storsamfunnet bidra om Geirangerfjorden skal bli ein nullutsleppsfjord slik styresmaktene har bestemt, seier ordføraren.
Han skisserer fire alternativ, sjøkabel frå Hellesylt til Geiranger, forsterking av linja frå Eidsdal, tunnel gjennom fjellet til Kaldhussæter, og når ny Strynefjelltunnel kjem kabel frå Skjåk til Geiranger.
To nye båtar på veg
Bonseye har fire ribbåtar som vil vere i drift og utføre daglege opplevingsturar i indre Storfjordområde frå 1. mai til ut september i år.
Frå før har Bonseye båtane Sunnylvsfjord og Korsfjord, men selskapet har inne bestilling på to nye så frå rundt mai/juni kjem også dei i drift om leveransane er i rute, seier Frank Bonsaksen i Bonseye.
Han trur det blir ein god sesong i 2022, utfordringa er å få tak i mage nok båtførarar, seier han.
Etter dåpsseremonien ved flytebrygga på Grande var det middag på Grande Fjord Hotel, og her vart det helsingstaler og overrekking av gåver til familieselskapet.
Grønt reiseliv, eit fortrinn
Frå NHO reiseliv kom Erlend-Andre Iversen. Han rosa satsinga til Bonseye og sa det var viktig om ein skulle nå måla i Det grøne skiftet. Norge var langt framme alt gjennom kjøp av elektriske bilar, men også andre områder i samfunnet måtte kome etter. Merkevara Norge ville ha eit fortrinn med å ta vare på grønt reiseliv om ein satsa slik Bonseye har gjort med utsleppsfrie fartøy. Det ville bli eit berekraftig reiseliv, Bonseye er innovative og vi er glade for at dei er medlemer hos oss, sa Erlend-Andre Iversen mellom anna.
Mange helsingar og gåver
Mellom mange som bar fram helsingar var ordførar Jan Ove Tryggestad som representerte Stranda kommune saman med næringssjef Inge Bjørdal. I ei velformulert tale delte han ut uforbehalden ros til folket på Ljøen som satsa så hardt og rett miljømessig, før han overrekte miljøbevis og kommunen sin plaketten.
Andre som hadde gratulasjonshelsing og gåver var Jan Sverre Sivertsen frå selskapet Flakk Gruppen og Basecamp Hotel på Hellesylt, hamnesjef Rita Berstad Maraak, Stig Tryggestad frå Sparebanken Møre. Frank Ole Bonsaksen orienterte frå Bonseye, og Ole Hjalmar Bonsaksen frå same selskap takka alle, også vertskapet på Grande Fjord Hotel, og han overrekte gåver til dei to gudmødrene, bearbeida saueskinn frå fjellgarden på Ljøen.
Elektrisk stemning
Også styreleiar i Bonseye Dag Stadheim fekk ordet mot slutten.
-Alt blir bra til slutt, det har vore eit ordtak den siste tida, men det er faktisk ikkje heilt sant. Miljøkrisa er ikkje over, men vi gjer vårt for å bidra til ei betring. Den fyrste elektriske ribbåten ligg ved kai og fleire vil kome etter kvart når energitilgangen blir løyst, sa styreleiar Stadheim. Han oppsummerte dåpsdagen og bad om at talene til gudmødrene måtte bli teke vare på, det var gode og godt formulerte ord, sa han og la til; Dåpen gjekk flott, ingen av «dåpsbarna gret», og stemninga var god og nærmast elektrisk.