Lokalnytt

Trimtreff på Ljøkaia søndag.

Utsyn frå Ljøkaia mot Korsfjorden (Foto frå arkivet)

Sist gong det var tillyst trimtreff på Ljøkaia vart det avlyst grunna store mengder «påskesnø». Komande søndag prøver trimgruppa med nytt treff same stad.

-No ser veret lovande ut, meinar Per Svein Hole i trimgruppa. Truleg lukkast arrangøren av trimmen betre denne gongen enn sist dei annonserte treff på den nye trimposten på Ljøkaia, då kom det mykje snø.

Trimposten på Ljøkaia, (2.0 meter o.h. og 5 poeng) er saman med Ringdalsegga Hellesyltvarden (994 meter o.h. og 12 poeng) nye trimpostar i år. Totalt har trimgruppa i Sunnylven IL ute 27 turmål til varierande kondisjonskrav

Søndag 24. april blir det registrering av deltakarar mellom kl. 14.00 – 15.00, og alle er med i trekking av fine premiar, opplyser trimgruppa.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380