Vedtekne i Utval for plansaker i Stranda kommune.
På møtet i utval for Plansaker i Stranda kommune 11. april var det oppe til behandling tre saker med tilknytning til Hellesylt. Alle fekk positive vedtak for søkjarane, og vedtaka er endeleg.
Fritidsbolig i driftsbygning
Henrik Storstein Spilker har søkt om dispensasjon frå LNFR-formålet i kommuneplanen for bruksendring av deler av eksisterande driftsbygning på Stadheim for ny bruksendring.
Søknaden omfatta også deling av eigedomen med nytt bruksnummer for den nye brukseininga.
Utvalet gjorde følgjande vedtak:
1.Stranda kommune gjev dispensasjon for bruksendring og ombygging av deler av eksisterande driftsbygning til fritidsbustad.
2.Stranda kommune gjev ikkje dispensasjon frå LNFR-formål i kommuneplan for deling av eigedomen.
Riving av eldre bygg for oppføring av nytt.
Salg & Utleiebuda Øcal har søkt om dispensasjon frå reguleringsplan for Hellesylt sentrum for å rive den gamle aldersheimen og i staden bygge leilegheitskompleks med seks nye leilegheiter.
Utvalet gjorde følgjande vedtak.
Salg & Utleiebuda Øcal får innvilga dispensasjon frå reguleringsplan for Hellesylt sentrum for å rive eksisterande bygg på eigedom GBN 91/42 i Kyrkjegata 28.
PLA ber tiltakshavaren gjennomføre planlegging av nytt bygg i samråd med Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Gapahuk ovanfor Ringdal i Sunnylven.
Sunnylven Idrottslag har søkt Stranda kommune om løyve til å oppføre ein gapahuk ovanfor Ringdal i Sunnylven.
Utvalet gjorde følgjande vedtak.
Med heimel i plan -og bygningslova &19-2 gjev Stranda kommune Sunnylvebn Idrottslag dispensasjon frå LNF formålet i kommuneplanen sin arealdel for oppføring av gapahuk på GBN 90/10 over Ringdal i Hellesylt