Lokalnytt

Vil rive for å bygge leilegheitsbygg

Det er ei flott utsikt frå tomta vad den gamle aldersheimen, seier Ramazan Øcal.

Ramazan Øcal eig den gamle aldersheimen på Hellesylt. Han har søkt Stranda kommune om rivingsløyve og i staden reise eit bygg med leilegheiter på tomta. Søknaden vart imøtekomen.

-Eg er veldig glad for at Stranda kommune gjer positive vedtak for oss ungdomer som vil satse i kommunen vår. I dette tilfelle gav dei dispensasjon frå reguleringsplanen slik at vi får realisert ønskje om å rive den gamle  aldersheimen og i staden bygge noko nytt og tenleg på tomta.
Eg har jobba med dette prosjektet i to vintrar, brukt både tid og pengar på noko som bygda treng og som eg har tru på, og eg ser eit potensiale i eit utleigebygg.
Eg er ikkje redd for å bruke pengar og investere sjølv om det er ei stor satsing til fleire ti-talls millionar.

Flott utsikt

Det seier Ramazan Øcal som for nokre år sidan kjøpte den gamle aldersheimen, men som han no vil rive.
-Eg har brukt mykje pengar på vedlikehald av bygget, men det er uråd å tjene inn igjen noko på det slik det står i dag. Eg synest ikkje at det passar inn i gatemiljøet heller, så derfor ønskjer eg ikkje å reparere meir på huset.
Og det er ikkje greit å sete med ei tomt med så fantastisk utsikt utan å utnytte den, så derfor bestemte eg meg for å søkje om riving og erstatte det med noko nytt, det trur eg vil løne seg på sikt.

Turistutleige

Ramazan Øcal har planlagt å få opp eit bygg i to etasjar med fleire leilegheiter, kvar på 58 kvadratmeter. Alle blir like store og har to soverom, stue med kjøkkenkrok, veranda, bad, toalett og egen inngang.

Alt no har fleire vist interesse for å leige leilegheit fast, men Ramazan seier at han satsar mest mot turisme og andre på gjennomreise. Og går det bra kan det bli aktuelt å vurdere nye byggetrinn, seier han.
Når vi spør om kva tid dei fyrste gjestane kan flytte inn i nybygget, om det blir i 2023 alt, berre smiler han. Ingen kommentar, var svaret.

Omlag slik vil det nye leilegheitsbygget sjå ut på tomta der den gamle aldersheimen står i dag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380