Viste arbeid av ei dyktig sydame
Marie Tryggestad på Hellesylt var ei mykje omtykt sydame på fyrste halvdel av 1900-talet. Palmelaurdag hadde Gamleskulen Aktivitetsmuseum ei utstilling med nokre av arbeida hennar, med sommarkjolar, brudekjolar, kåper og meir.
Det kom nær 50 personar innom gamleskulen og utstillinga av syarbeid etter Marie Tryggestad. Ho var oppvaksa på Hølsbakken på Stadheim og vart gift med Lars Iverson Tryggestad på Hellesylt. Etter kvart vart ho kalla berre Lars-Iver-Marie når det vart snakka om sydama på Hellesylt..
Styret i gamleskulen bestemte seg for utstilling etter at Liv Jorun Sporstøl og barnebarnet Eldrid Skrede visste om fleire kjolar, kåper og ande plagg som framleis var rundt om. Dei to gjorde det meste av innsamling og stilte ut kleda med diverse opplysningar.
Starta tidleg med sying
Leiar i styret for Gamleskulen Aktivitetsmuseum, Arne Ringdal fortalde innleiingsvis litt om den dyktige sydama, om det han hugsa om henne frå då han var ung, og frå eit notat som barnebarnet Eldrid Skrede hadde gjort om Marit.
-Ho må ha vore eit naturtalent, for alt som 10-12 åring sydde ho kleda både til seg sjølv og til ei yngre syster, fortel Eldrid Skrede i notatet.
Etter at ho gifta seg og flytta til Hellesylt vart det mykje sying til andre. Det spurdest fort at ho var dyktig og ho fekk godt med arbeid, men løna var ikkje av det store. For å sy ein kjole fekk ho 3.- kroner og for ei kåpe 5.- kroner, ei dagløn på ca. 1.- krone.
Ikkje høvandes kjole
Ho var glad i arbeidet sitt og fylgde med i tida. Ho var blant dei fyrste på Hellesylt som klipte håret sitt kort, og ho valde meir kvikke fargar til kleda sine.
Ein gong var Marie og Lars på ein fest, og Marie hadde på seg ein fin lyseraud kjole. Den kjolen vart kommentert av ei eldre dame på festen.
-Tenk å kome i lyseraud silkekjole. Han «Lalla» burde ha sendt henne heim!
Travel førjulstid
Under andre verdskrig vart kleda nytta godt ut og mange kom for å få dei sydd om. Og tida før jul vart ofte strevsam, det vart mange timar ved trøsymaskina i tillegg til anna arbeidet i heimen.
Så når kyrkjeklokka ringde jula inn, senka julefreden seg og Marie kunne få ein velfortent pust i bakken, skriv Eldrid Skrede.
Marie dreiv syarbeid til slutten av 50-talet, då vart det mykje ferdigsydde klede å få kjøpt. Ho budde på aldersheimen på Hellesylt dei siste åra og der døde ho i 1969, 76 år gamal.
Utstillinga av kjolar og kåper, sydd av Marie Tryggestad blir ståande på Gamleskulen Aktivitetsmuseum ei tid.