Viste seg fram på Dansens dag.

Det var smil og lette steg på ein grønkande plen ved Sunnylven omsorgssenter onsdag kveld. Der markerte dansegruppa i HUL Dansens dag med framvising for bebuarar og andre.
– Gjennom vinteren har det blitt nokre øvingar på grendahus og klubbhus då andre lokale på Hellesylt har vore under renovering. Og så har vi vore litt hemma av korona-epidemien, men dei fleste har vore med før så då trengs det ikkje så mykje øving.
Onsdag 20. april var Dansens dag og den ville vi i år markere med ei framvising for beduarane ved omsorgssenteret, og etterpå med litt sosialt samvær med grilling på badestranda og is på kaffibaren.
Wenche Høgalmen Ringdal er leiar i styret for barneleikarringen i HUL og fekk sjå at dei 18 dansarane i alder 7 år til 17 år er i rute til nye opptredenar. Den neste blir på 17. mai, fortalde ho.
Mange av bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter kom ut på sine verandaer og fekk oppleve danseframsyninga, fleire av dansane med feiande flott musikk til:
Etter innmarsj starta dansegruppa med eit kjent nummer, «Herr Smett» før det vart mellom anna «Eg veit ei lita jente» og «Katten stend».
Så heldt det fram med «Familievals», «Irsk polka» og «Lettispolka» før dei kasta seg ut i «Klovnedansen», «Troika», «Seksmanns reel», og enno meir.
Det såg ut som det var moro å danse folkedans på plenen framfor Sunnylven omsorgssenter. Og dei kunne heilt sikkert ha svinga seg enno lenger i sine grå jakker med kjennemerke på ryggen, logoen som Hanne Jeanette Ringdal Skulstad laga til HUL-dansarane og dansestemne på Hellesylt i 2000.
Men så var det belønninga til dansarar og leiarar som venta, fyrst grilling av masse pølser på badestranda, og etterpå is på Boutique & Bar.