17. mai i Sunnylven.
Sunnylven Idrottslag er arrangør av feiringa og med eit tradisjonelt, godt 17. mai-program i Sunnylven.
I Sunnylven pyntar naturen seg til feiring av Noreg sin nasjonaldag. Som vanleg er det idrottslaget som er ansvarleg arrangør av feiringa i Sunnylven, med tilslutnad frå andre lag og organisasjonar.
Her er programmet for tysdag 17. mai 2022:
08.00 Vi heiser vårt flagg.
10:45 Vi minnast dei falne frå 2. verdenskrig ved Sunnylven kyrkje. 11.00 Festgudsteneste ved prost Svein Runde.
To elevar frå 10. klasse legg ned blomar.
11:45 Barnetoget går frå Kyrkjelydshuset.
Brannbil Lillian
Flaggborg
Skulekorps
Sunnylven skule
Barnehagen
Lag og organisasjonar
Andre
12:30 Sal av mat og drikke på Kyrkjelydshuset.
Kaffi, kaker, pølser, brus og is.
13:00 Barneleikarringen
opptrer ved omsorgssenteret.
13:30 Leik og konkurransar
for barn og vaksne på skuleplassen.
15:00 Samling på Kyrkjelydshuset.
Sunnylven skulekorps.
Tale for dagen v. 10 klasse.
Dans ved leikarringen.
Musikkinnslag
frå kulturskulen.
Allsong.
Ikkje sal av mat og drikke
under programmet.