Lokalnytt

Damekamp Stranda – Hornindal på Hellesylt stadion

Det blir spanande fotball på Hellesylt stadion torsdag 2. juni når Stranda og Hornindal barkar saman i serieoppgjør 4. divisjon damer. (Illustrasjonsfoto)

Det blir seriekamp i damer 4. divisjon på Hellesylt stadion torsdag 2. juni mellom Stranda 9-er og Hornindal. Kampen startar klokka 19.00

Etter at Hornindal vart del av Volda kommune spelar Hornindal seriefotball i Sunnmøre Fotballkrets.
Torsdag er det klart for nabooppgjør på Hellesylt stadion mellom damelaga til Stranda 9-er og Hornindal.

Begge laga står med tre poeng etter tre seriekampar, så ut frå tabellen kan det bli eit jamt oppgjør. Hornindal gjekk på eit klart tap sist mot Bergsøy, eit lag Stranda vann mot i april, så sjansen for heimesiger er god.
Korleis kampen vil ende veit berre den som møter opp og får med seg resultatet etter ferdigspela 90 minutt.

Stranda som spelar 9-er fotball har fleire frå Sunnylven i «stallen» i år, som Kristin Ringdal, Silje Stadheim, Olene Lade, Madelen Frøysadal Hauge og Amalie Sporstøl Ravelo.
Trenar for Stranda damer er Espen Hove.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380