Deltok på Fotballfestival i Hundeidvik

På laget spela; Sofia, Emma, Johanna, Saga Emilie og Oliver, Alma, Jeshan, Leonard, Sakarias.
Sunnylven stilte med tre lag på Hundeidvik fotballfestival laurdag 28. mai 2022. Dette er ein fotballfestival for born mellom 6 og 10 år.
Tekst/foto: Privat.
2016-laget (G06) spela sine fyrste kampar nokon sinne. Dei spela 3’ar-fotball mot Langevåg og Lepsøy.
J08 vann alle tre kampane sine.
G10 spela jamne kampar, men hadde ikkje marginane på si side så det vart tre knepne tap.
Fotballfestivalen i Hyndeidvik var ei stor turnering der 159 lag var med, og der det vart spela totalt 241 kampar.
Andre aktivitetar
Arrangøren var litt uheldig med veret, men ein rutinert dugnadsgjeng losa arrangementet flott i havn. Mellom kampane kunne deltakarane kose seg med mange aktivitetar som :
– Klatrepark (med nye løyper og lengre zipline.
– Motoriserte lastebiler
– Barnas bondegård
– Stor rappelleringsvegg
– ATV køyring
– Hoppeslott land
– Tarzan jungel
– Elektriske traktorer
– Balansepark
– Gullgraverleir. Så her var det noko for ein kvar smak.