Fargeglad og folkerik 17. mai i Sunnylven

Naturen var pynta til fest, sola varma og mange tok del i 17. mai-feiringa på Hellesylt i år, i både bunader og anna finstas. Det vart ei historisk flott nasjonaldagfeiring.
Sunnylven Idrottslag var ansvarleg arrangør av 17. mai i Sunnylven, men hadde hjelp av fleire. Rundt hundre personar hadde store og små gjeremål for å få arrangementet i hamn, sa leiar i Sunnylven IL og festleiar Tarjei Korsbrekke.
Det starta ved Sunnylven kyrkje og minnesteinen over dei frå bygda som fall under andre verdenskrig. – La oss håpe på ei framtid utan krig verken på Hellesylt eller i verda, sa leiar hos 17. mai-arrangøren Tarjei Korsbrekke før to elevar frå tiande klasse la ned vakre blomar.
Dag med flaggfargar
I Sunnylven kyrkje var det festgudsteneste ved prost Svein Runde.
-I dag er det to fargar som møter oss ut, ein blå himmel og ei gul sol, sa Runde som hadde det Ukrainske flagget i tankane. Krigen og elende der var ei sterk kontrast til slik dagane var hos oss. Norge var eit godt land å bu i og hadde naturlege rikdomar, sa Runde. Lat vi forvalte det på ein fornuftig måte, la han til.
Sunnylven skulekorps under leiing av Trond Otto Berg, og som i høve dagen var bemanna opp til 19 musikarar var også med på å gjere stunda i kyrkje til ei høgtidsstund med tonefølgje til songane slik tradisjonen har blitt.
Brannbil
Barnetoget starta i år frå Sunnylven kyrkjelydshus med skulekorps, flaggborg og andre faner både frå skuleklasser og lag og organisasonar. Og aller fremst køyrde ein gamal veteranbrannbil. Eit nytt, flott innslag i barnetoget der fleire av dei minste fekk sete på med brannbilen, så langt den «greidde» turen.
Ruta for det fargerike folketoget gjekk om Hægstad Gård til Sunnylven omsorgssenter der bebuarane venta på besøket utanfor inngangen. Her vart det ny flott korpsmusikk, Sunnylvsmarsjen av Helge Fivelstad, Fedrelandssalme og «Ja vi elsker», før 17. mai-toget returnerte til Sunnylven kyrkjelydshus der folkefesten heldt fram litt seinare på dagen.