Lokalnytt

Fekk si 6års-bok

Etter bokutdelinga vart det fleire kvikke songar å høyre frå kortrappa saman med kristin, Ann Kristin og Carolin på piano

Søndag var det utdeling av 6års-bok til ni born, tre jenter og seks gutar i Sunnylven kyrkje. Prestevikar Ann Kristin Langeland stod for utdelinga.

Alle dei ni som har hatt flotte år i Sunnylven Barnehage blir elevar i Sunnylven skule frå august av, eitt av dei største årskulla på lenge.
Å få den flotte boka var stas for alle så alt i kyrkja vart det blada mykje.

Som takk for boka fekk kyrkjelyden høyre borna synge kvikke songar i takt med ulike rytmer saman med Ann Kristin Langeland og Kristin Storstein med Carolin Eide på piano.
Det var ein flott gjeng med mykje energi, sa presten om dei unge bokeigarane.
På spørsmål om dei gleda seg til å starte på skule frå hausten av fekk ho eit nei til svar. -Er det kjekkare å vere i barnehagen då, følgde Langeland på med nytt spørsmål. Også her vart det nei. Om dei var heilt samstemt veit vi ikkje, men ei kjekk bok fekk dei i alle høve med seg heim.

Og det var ein «kjekk» dag i kyrkja med barnedåp, og kvikke tonar til inn -og utmarsj frå organist Carolin Eide. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og framlegging av årsmelding frå Sunnylven sokneråd 2021.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380