Fleire stadnamn etter gamlevegen i berja

Det var betydeleg diskusjon om vegstrekket her i Knurrabakkjen.. Vegkarane «knurra» mot kvarandre, vart det sagt.

Gamlevegen frå Frøysa over berja til Hole, ei strekning på 0.5 km. er rusta opp og har fått fleire  stadnamnskilt. Merkinga er eit samarbeid mellom trimgruppa i Sunnylven IL og Verdsarstiftinga.

Gamlevegen frå Rindekroken ved Frøysa til Hole i Sunnylvsbygda bør bli søndagstur for både unge og eldre. Ein flott turveg som vart rusta opp for eit par år sidan og der stader langs vegen er namnesett og skilta.
Det er trimgruppa i Sunnylven Idrottslag som i samarbeid med Verdsarvstiftinga Geirangerfjorden med omland har utført og kosta det heile.

Ved Rindekroken står ei informasjonstavle om den gamle bygdevegen.
Litt lenger oppe møter vi fyrste skiltet med det spesielle namnet Knurrabakkjen, svarte bokstavar på ei lakka furufjøl.
Om vi skal prøve oss på ei forklaring av namnet er det fortalt at då vegen vart opparbeidd var ikkje karane som arbeidde der samde om bakken her var den beste traseen. Dei «knurra» mot kvarandre!

Her ved Vardehøla kryssar vegen eit djupt søkk i terrenget.

Litt lenger oppe kjem vi til Vardehøla, eit naturleg namn då vegen kryssar ei stor forsenking i terrenget.

Så er det Helljen, ein stor hellar inn til gamlevegen og som bøndene brukte til lagerplass for større redskap.

Litt meir motbakke og vi er på høgaste punkt på vegen, på Varden. Like ved her er det laga til ein grillplass på svaberget med grillpanne, bord og benkar som alle kan nytte seg av.

Vegen held så fram flatt og gjennom ein fin bjørkelund, heilt til Tværgarden, ein merkingsgard mellom Frøysa og Hole, men som delevis er borte no.

Då er vi komne til råsa som går opp til sætra i Liadalen, så vil ein gå motbakkar og få enno meir flott utsikt er det berre å halde fram dit, eller snu og gå rette bygdavegen eller gamlevegen tilbake.

På toppen av berja og den gamle bygdevegen.

Ved Tværgarden og grenselina mellom Frøysa og Hole. Og like ved tek råsa til sætra i Liadalen av.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380