Folkefest i Gatå
Arrangøren av 17. mai på Hellesylt hadde alt med på «laget». Veret baud til at folkefesten vart flytt utandørs til Gatå ved kyrkjelydshuset, og der fekk ein stor festlys oppleve mange flotte innslag.
Festleiar Tarjei Korsbrekke leia folkefesten på ein trygg og flott måte og annonserte fyrst ut Sunnylven skulekorps.
Korpset er alltid ei glede å høyre spele, og forsterka med nokre tidlegare korpsmusikantar vart det ei utruleg flott opning på folkefesten.
Spreke dansarar
På asfalten i Gatå fekk forsamlinga også sjå baneleikarringen danse til mellom anna musikk frå Synnøve Hjellbakk Hole på fele. Wenche Ringdal leia den spreke ungdomsflokken som både svinga seg og viste spenstige hopp til musikken.
Også bebuarane på omsorgsenteret fekk ei liknade framføring frå barneleikarringen tidlegare på dagen.
Allsong
Som tradisjonen er var det også allsong. Forsongar var Kristin Storstein med Ådne Kjellstadli på piano. Det var også eit innslag av Siril Kjellstadli på piano, elev ved kulturskulen.
Fire jenter heldt tale for dagen
Det var Helene Hellebostad, Amalie Sporstøl Ravelo, Marte Solli Frøysa og Nikoline Frøysa Hellebostad som hadde fått ansvar for talen for dagen. Den framførte dei flott med høveleg innhald for dage.
17.mai var tradisjonane sin dag meir en nokon annan og mykje arv etter diktaren Henrik Wergeland. Vi i Norge lever i eit land i fridom der alle har mulegheiter til skulegang og nesten alt ein har lyst til, sa dei.
I talen kom dei også inn på krigen i Ukraina, ein krig der uskuldige menneske lir. Det var ei påminning om at fridom ikkje er noko vi må sjå på som sjølvsagt, men som alle må arbeide for å behalde.
Dei fire som delte talen mellom seg prisa naturen, landet sitt og kor godt vi har det mellom anna i Stranda kommune, goder vi kanskje verdset for lite til dagleg.
Til slutt ønska Helene, Amalie , Marta og Nikoline alle til lukke med dagen, heilt ut.