Lokalnytt

Friske pålar under badehuset på Hellesylt

Her blir det støypt fundament og betong transportert ut med traktor

I dugnadsbygda er det kome på plass nye stolpar under badehuset på Hellesylt. Etter betydelege angrep av pålemakk var det naudsynt med utskifting av fleire støtter.

Foto: Inge Korsbrekke/Tarjei Korsbrekke

Det stod nærmast av gamal vane og på seks jarnstøtter (skrustøtter) badehuset på Hellesylt, Stranda kommune sitt kulturminne frå 1998.
Då var det nausynt å gjere noko meinte eigaren Hellesylt Ungdomslag og styret for badehuset. Nye støtter under badehuset måtte på plass før større skade skjedde.
I fjor vinter vart det hogge nye ospastøtter, avberka og lagt til tørk. No i mai vart så tolv gamle skifta ut med nye.

Nye, friske støtter blir reiste på plass.

Asle Ringdal er leiar i badehusstyret i HUL og har lagt ned mange timar i prosjektet, saman med fleire. Arbeidet vart utført tidleg i mai, eit tiltak han på telefon stadfesta var heilt naudsynt.
Fleire av støttene som var nye i 2004 var så innhola av pålemakk-angrep at dei brotna av når det skulle takast vekk. Det var rett og slett verre enn det såg ut til. Også dei seks jarnstøttene hadde merka det tøffe klimaet i sjøvatnet, fortalde Ringdal.

Tarjei Korsbrekke er medlem i styret og har også vore sterkt delaktiv i jobben som har blitt utført på fjøre sjø.
-Vi har fått hjelp av to frå Muldsvor maskin, Ole Morten og Øyvind. Dei har gjort ein kjempejobb for oss og stått på når forholda låg til rette for å jobbe i sjøområdet. Ei natt var dei på plass klokka tre i nordavind og fire plussgrader for å nytte fjøre sjø, fortel Korsbrekke.
Også fleire andre har teke del i arbeidet med utskifting av støttene, seier han og reknar opp minst ti namn.

For å gjere ein jobb som Hellesylt Ungdomslag ønskjer skal vare nokre år vart det sett ned kumringar fylt med betong til fundament for støttene.
-Vi støypte fundament også for stupetårnet og landgange og det står stødig enno. Skulle vi pæle i sjøen ville det fordyre og ikkje bli på langt nær så bra. No har vi gjort det som er fornuftig for å bevare det, seier Asle Ringdal.
Det vart skifta ut ti støtter under badehuset på dei yste rekkene, og i tillegg to andre.

Å utføre vedlikehald i sjøen krev også rett utstyr.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380