Lokalnytt

Full fart fylte frivilligheitsdagen

Til kai etter ein av mange Rib-turar.

Det var full fart både på sjø og land, høgt og lavt ved badestranda på Hellesylt tysdag. Der markerte tre lag og organisasjonar i Sunnylven frivilligåret 2022 saman med Sunnylven skule.

I vinter heldt Frivilligsentralen i Stranda eit orienteringsmøte om måtar å engasjere seg i frivilligåret 2022, og mulegheiter til å søkje om støtte til aktivitetar.

I Sunnylven gjekk Fjellrosa 4H, Sunnylven Bygdekvinnelag og Sunnylven Sanitetslag saman der målet var å få til ein aktivitetsdag for heile Sunnylven skule, og samstundes vise fram og profilere laga.
Ein søknad om støtte frå «Vår dag» skulle dekke utgifter til å leige inn utanforståande aktørar til sjeldne og spanande aktivitetar, og til andre utgifter som servering av mat.
Og søknaden vart imøtekomen.

Tonje og Ronja Mari var på kajakktur

Frå morgon av tysdag 24. mai vart så eit tettpakka opplegg med mykje glede gjennomført, og som varte heile skuledagen ut utan uhell. Og alle kommentarar etterpå var positive, det hadde vore ein kjekke dag.

Kanskje var det fyrste gong for fleire elevar å få køyre Rib-båt, eller rappellere ned frå toppen av stupetårnet ved badehuset, eller padle i ein Fjord-kajakk. Alle fekk lov å prøve og det såg ut til å vere flotte opplevingar.

Trygt ned etter å ha rappellert heile stupetårnet på ti meter.

Frank Bonsaksen i selskapet Bonseye slapp å vente lenge på passasjerar som ville på Rib-båttur. Tolv fekk vere med på kvar runde der dei rasa ut Sunnylvsfjorden og gjorde ein sving inn i Korsfjorden før dei femten – tjue minutt seinare var tilbake.
Det skal gode historier til i lekseboka om det skal konkurrere ut slike opplevingar på fjorden, eller å rappellere ned ti meter frå stupetårnet. Men også det gjekk strålande fint for alle under sikker kontroll av mannskap frå Fjord Nature.
Å padle to og to i ein fjordkajakk var også populært og som mange prøvde seg på.

Det vart mange blinkskot med pil og bue for Fredrik

På land på plenområdet til badestranda var fleire aktivitetar, som å kaste på stikka, pil og boge, eller bygge det høgaste boktårnet av gamle, velbrukte bøker som ikkje skulle takast vare på meir.
Mykje kreativt vart prøvd for å lage eit høgt fundament for boktårnet. To rastebenkar, ein annan benk til opp på, og så boktårnet. Fleire gonger var det på veg til å bli rekordhøgt, men så ramla det…

Å reise eit telt er heller ikkje alltid så lett, men det går med litt øving slik fleire fekk prøve tysdag. Også det ei nyttig læring.
Dagen på og ved badestranda var full av moro med fag som også er på skulen sin timeplanen, både naturfag og fysisk fostring.

Bollar var baka dagen før og tysdag stilte dei med smakfullt matbord, frå venstre Lisbeth, Olveig, Anne Marie og Anne Grete, alle frå Bygdekvinnelaget

Ein lang aktivitetsdag hadde også ein god matpause. Den fylte Sunnylven Bygdekvinnelag med å servere betasuppe, bollar, pålegg og masse god frukt.

Her blir det stabla bøker for å bygge det høgaste boktårnet.

Vi kjente dei igjen, 17.mai-talarane i år, Helene, Nikoline, Amalie og Marte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380